torsdag 30. juni 2011
onsdag 29. juni 2011
mandag 27. juni 2011
Junah 10 månadar!
Å springe etter pinnar er kjekt. Som oftast er det full fart heile tida, men i dag har begge hundane vore litt reduserte etter ein ganske aktiv dag i går. Så det vart litt, "skal ej, eller skal ej ikkje gidde å hente den pinnen?".
Dagens visdom:
Cats in the cradle and a silver spoon..
søndag 26. juni 2011
Saknar store SIRIUS..
Om du skulle lure, så er det sjølvsagt min kjære STORE pc som heiter Sirius. Mini pc'en var ei god erstatning, heilt til Junah tok ledninga for andre gang fordi eg var så dum å legge den frå meg på gulvet. No står den utan batteri, og alt er berre sorgen. No er eg på låne pc frå AR-data (som forøvrig har fucka pc'en min..) medan eg ventar på tilbakelevering av min sin. Håper dei får fingrane ut snart for eg saknar Photoshop, Firefox, og alle andre programma og "kulturen" eg oppretta på pc'en min. Orkar ikkje skape noko kultur på ein midlertidig PC.
I dag har Chiko vore her å sprunge saman med jentene. Det var veldig morosamt synes Anja. Junah var mest sliten i dag, så ho holdt seg mest saman med meg i håp om å ligge på fang, eller verte klappa. Er ikkje heilt i superstrøk no i løpetida. Forstår eg godt. Tenk om alle skulle ha løpetid i tre veker i slenger. Fytti katta. Eller hunden om du vil......
I går var her forsinka jonsokfeiring. Då møtte litt bygdefolk opp å kjøpte seg graut, og så grilla me saman inn i fjøra inn på Fleda. Det var stas, synes iallfall eg. Anja og Junah var også med. Det synes dei var spennande. Spesielt alle dei gode luktene, og restane av rjomegraut. Det skal også nemnast at eg flytta 17 pallar tidligare denne dagen, noko som har resultert i at eg har ei verkande venstreside på kroppen. Har vel forslått eit kvart med dei stygge pallane tenkjer eg.
Ellers går livet sin vante gang. Akkurat i dag var veret fint. Det var deilig. I morga er det på an igjen med arbeidslivet. Er litt greitt å arbeide også. Har liksom noko å gjere på, i tillegg til å tjene pengar av det. Likevel skal ein ikkje sjå vekk i frå at eg gledar meg til å ha skikkelig ferie. Fri for korps, kor, arbeid, skule og andre ting som krevst gjennom ei veke her i heimen. Eg har bestillt sol, varme og ellers fint frå 17. juli av. Berre vent!
Dagens visdom:
Stjerna flaug over himlen og kika ned på jorda;
"Så smått, men likevel så vel verdt!"
onsdag 22. juni 2011
Sju år saman!
I dag har eg og Ole Andreas vore saman i sju år. Lange tider det. Det heile starta 22. juni 2004. I dag, sju år seinare, har me vore ute å ete mat i Volda. Det var koselig det. No satsar me på minst sju år til, så sant me kjem oss gjennom sju års krisa. Det vert eit spennande år for oss framover, no som me skal verte sambuarar. Me gled oss til å ta eit steg vidare. Still going strong!
onsdag 15. juni 2011
tirsdag 14. juni 2011
Norwegian Wood, Eagles..





Dagens visdom:
On a dark desert Highway
Cool wind in my hair..
On a dark desert Highway
Cool wind in my hair..
lørdag 11. juni 2011
Doggelganger!

Artig måte å finne omplassering til hundane.
Gå inn hit og sjå kva hund som passar deg!
Dagens visdom:
There's plenty more fish in the sea!
Abonner på:
Innlegg (Atom)