lørdag 21. juni 2014

Det vert kvalpar!

Torsdag var eg på ultralyd med Junah. Der fann dyrlegen rundt 5 kvalpar. På dette bilete kan du skimte ein. Det vil då naturleg nok seie at Junah skal ha kvalpar. Termin er 20. juli. Det er vel no då på tide å annonsere kven faren er opp i alt dette.

Planen min var jo ein heilt anna hannhund, men då dette ikkje fungerte fall valet på denne skjønne mannen. Han er sobel og heiter Dave. Eigd av Sissel Tangnes som driv Mellsjøhøgda sheltieoppdrett. Same oppdrett som Junah er ifrå. Dave er gentesta fri frå CRD, det same er faren til Junah. Dermed er sannsynet for CRD på dette kullet minimalt.

I tillegg føler eg at dei to hundane fyller ut kvarandre på forskjellige måtar både i gemytt og utsjånad. Målet mitt med dette kvalpekullet er å skape rasetypiske, gode sheltiar som skal vere ein god representant for rasa.
"Dave" - Evad Shades Of Opal + "Junah" - Mellsjøhøgda's Xotic Illusion

søndag 15. juni 2014

Debutering i rallylydigheit..

 Lom var staden. Jetta Hundeklubb var arrangør. Strålande sol, godt over 20 grader. Nordal camping klokka tolv. For aller fyrste gong skulle me delta i rallylydigheit. Den nye, friske hundesporten. Skilt som skulle lesast, hund som skulle følge med. Start nummeret vårt denne gongen var 0018. Me skulle med andre ord få sitte å vente ei stund før det skjedde noko.

Klasse 1 skulle vere fyrst. Det er jo klassa vi må byrje i. 10 min briefing for å forstå gangen i det måtte til. Då kunne ein i alle fall forsikre seg om at førar ikkje rota det til. Så byrja ventetida. Den eine etter den andre gjekk i ringen. Me klappa. Så var brått tida der. Høg puls og nervøsitet kraup innover meg. Junah var heldigvis på. Ho gjekk ei perfekt lineføring mot starten.

 Utover i bana gjekk eg berre å tenkte på at "no går det gale snart", men det gjor det aldri. Det gjekk aldri gale. Jenta følgte meg som ei sol. Gjor akkurat det ho skulle når ho fekk beskjed om det. Eg rosa og belønna enormt når eg kom ut att av ringen. For ein prestasjon!

Neste spenningsmoment var premieutdelinga. Korleis gjor me det eigentleg? I rally får ein ikkje vite noko før premieutdelinga nemlig. Den eine etter den andre vart lest opp. Så kom vi til 12. plass, og no var det berre folk med direkte opprykk attende. Så gjekk det oppover, 5. plass, 4. plass. Her byrja eg virkelig å kjenne på usikkerheita om at dei kanskje hadde gløymt meg. 2. plass vart ropt opp. Så vart 1. plassen ropt opp, med 200 poeng, bronsemerke og direkte opprykk; Mellsjøhøgda's Xotic Illusion og Anita. Eg var i sjokk, samstundes som eg kjente ei enorm glede. Aldri før har eg vore så stolt!
På kvelden booka eg og Hege oss inn på Nissegården camping. Eg reiste nemlig ikkje aleine. Eg hadde eit strålande reisefylgje som kunne hjelpe meg å halde psyka på plass under konkurransen. Me vandra oss også inn til Lom sentrum på kvelden. Der kunne me godte oss med nydelig is frå kuba isbar. Litt belønning må også føraren ha! På vegen dit fann me dette skiltet. Fascinerande namn på ein stad.
Så kom dag to. Med mykje overtalelse hadde me bestemt oss (både eg og Hege) for å delta i klasse 2, sidan me fekk rykke direkte opp. Dette var noko eg var veldig skeptisk til. I klasse 2 skal nemlig hunden gå laus. Den får faktisk ikkje ha på seg noko slag. Dette har vore eit lite problem for oss under trening, i høve bilgjeting og liknande. Eg valte likevel å ta sjansen.
 Det vil eg nok aldri angre på. Me enda opp på 4. plass i klasse 2 med 197 poeng. Einaste me fekk trekk for var at me måtte repitere ei øving fordi Junah var overbevist om at det handla om dekk. Men ho var så flink, så dyktig, så PÅ, så engasjert. Eg hadde lyst å klemme ho og belønne i evigheiter. Ho var alt eg kunne drøyme om i ringen. Eg fekk nok ein gong oppleve stoltheit. Tenk at me kunne få til noko, me to. Me var faktisk god på noko!

Frå ingenting oppnådde me bronsemerket og sølvmerket. Me har virkelig fått ein kickstart!

Ei vindunderlig helg, kjekt selskap, gode opplevingar.


torsdag 12. juni 2014

Er sumaren over..?

 Dei siste vekene, ja kanskje til og med den siste månaden, har det vore opplett. Ikkje noko nedbør, berre sol eller skyer. Det har vore varmt, det har vore flott, det har vore sumar. Me har fått oss gassgrill, og me har til og med fått brukt den fleire gongar. Tenk at me faktisk fekk litt sommar. Opp i alt dette har eg fått mange flotte turar til skogs, til fjells og til vanns.
 I pinsa var eg og Ole Andreas på Støylen og overnatta. Dette var skikkelig avslappandes og ein god måte å tilbringe pinsa på. MEN, me oppdaga noko som eg veit fleire har oppdaga. Flugene har virkelig skote fart på klekking av egg i år. Det kryr. Overalt. Om du sitt eller står, hoppa eller går. Dei kleia, dei summa, dei irritera på seg gråsteina.
Eg og Hege fekk også oppleve dette på turen til Sandhornet mandag. Eg trur aldri eg har opplevd fluger så galne. Dei følgte oss til sola gjekk ned, og ein liten bris sveipa dei siste avgarde. Viss du studera bileta her, spesielt det av hundane, kan du sjå fluger. Veldig mange av bileta mi består av svarte flekkar. 

Kanskje er det like greit at me får ein liten regnskyll no? Kanskje druknar eit par millionar fluger. Eg håpar det.

Dagens visdom:
A worm can roll a stone, 
a bee can sting a bear..

søndag 1. juni 2014

Leik med fargar..

 Det fine med photoshop er at du kan overdrive. Du kan drage fram fargar du aldri hadde drøymt om. Skape detaljar, fjerne detaljar, lage ditt eige bilete. Det tek derimot tid å få det perfekt. Sjølv vert eg aldri nøgd med mine eigne bilete. Der er alltid detaljar eg vil endre etter at eg publisera dei. Ofte må eg faktisk la bileta ligge lenge, gjerne fleire veker, før eg tek dei att.
 Desse bileta er 1,2,3 redigert. Vart faktisk ikkje så verst dette i midten. Nesten eit slikt maleri. Det var faktisk så nydelig som dette då eg stod opp på fjellet å tok bilete. Det er faktisk ein av dei mest fantastiske opplevingane eg har vore med på. I staden for å prate om bileta kan eg fortelje historia om dei.
Det var forutbestemt at eg og Hege skulle til fjells for å sjå solnedgongen. Me byrja gå i nitida. Det var allereie då byrja samle seg skodde i dei ulike fjella. Det var med blanda følelsar me traska opp over. Me kunne risikere å kome opp i tjukk skodde å gå glipp av sola. Me vart heldigvis einige om at det uansett skulle vere verdt turen.

Då me kom mot toppen såg det mørkt og trasig ut. Så skjedde det noko vidunderleg. Det klarna rundt oss, skodda la seg under oss å opp dukka den nydeligaste solnedgongen ein kunne drøyme om. Under oss låg skodda som eit låk over landskapet. Ho strauk seg rundt alle fjelltoppar. Me stod i midten av eit paradis av lys og fargar. Eg skulle ynskje det varte evig. Så vakkert. Så skjørt.

Det er ubeskrivelig. Til slutt var det over. Då kom skodda igjen. Me gjekk i skumring med ugla i det fjerne. Ho lokka på oss som ei hulder. Mystisk, magisk. Ei naturoppleving av dei sjeldne. 

Dagens visdom:
Stopp, lytt, nyt..

Spesialsøk modul 2 - ID spor..

Denne helga var det nok eit kurs som tok opp tida mi. Denne gongen var det del 2 av det spesialsøkkurset eg gjennomførte forrige helg. Dette kurset går inn i den enorme verda av ID-spor. ID-spor handlar i kortfatta form om å gå spor etter folk. Det var nettopp det me gjor denne helga.

Fredag var det berre teori, men laurdag braka det laust med praktiske økter. Fyrste økta la me ut eit spor med fleire stasjonar med godis til hunden. Sjølve sporet var berre vårt eige trakk. Anja forstod ikkje så mykje fyrste gongen. Der var ei mark som lukta litt rart, hadde godbitar, og så stod nokre kjekke folk å såg på.

Etterkvart som me prøvde fleire spor vart Anja meir og meir engasjert. Ho vart litt satt ut når me brått skulle byrje på asfalt og grus, men kom seg opp att. Eg trur ho likte veldig godt aktivitetane i helga. Derfor må eg prøve å fortsette med dette på eiga hand no i ettertid.