torsdag 21. november 2013

Fyrste snøride denne sesongen!

Då kom den etterlengta snøen heilt ned i Dravlausbygda. Den dala så stille ned ei natt, og låg å venta på kvar ei sjel morgonen der på. Så reint, så fint. Ein heil dag med dalane fnugg. Det skal seiast at vegane var håplause, og brøytebilane seint ute, men det gjor ingenting. Gjensynsgledja var stor.


 Så vaksen og ansvarsfull som eg er måtte eg sjølvsagt ut å sjekke kvaliteten på denne sokalla snøen. Dette tykkjer eg er best ved å lage ein snømann. Eg byrja rulle, og både Anja og Junah hjalp flittig til, på sitt vis. På eit anna vis kan ein kalle det å "sette personleg preg" på snømannen. Anja syns det var morosamt å grave søndt, det gjor forøvrig Junah også. Så dei starta frå kvar si side. Her har du bilete av damene på den tidlegare snømannen.

Det kjekkaste med snøen er istjokklar. Laaange, store, som smeltar på tunga. Junah fann ein i akkurat passe størrelse ved Fjellbu i dag. Berre 6 gongar henna eiga høgd. Skulle vel fått smelta i munnen ei stund då tenkjer eg.
Julekortbileta er i boks, og snøen er allereie på veg bort. Eg vonar den kjem snart attende slik at me kan treffast igjen. Stort sett er nemleg snøen ein trufast og god venn. Kan vere noko kald ein gong i blant, men elles spreier den gledje i mitt hjarte!

Dagens visdom:
Snøv er ikkje døv,
det er berre tøv,
Den er kvit og fin
Den er min og din

lørdag 16. november 2013

Møte med sterk storm..

I dag tidleg kaure eg heimaifrå. Pakka med alt eg hadde av vind og regntette klede. Åse hadde nemelg tatt kontakt kvelden før om at sterk storm kjem frå havet. Sanneleg hadde ho rett. Eg merka det allereie når eg kaure utover mot Syvde. Vindkasta drog i bilen, og det hølja ned med regn.
 Så møtast me på Shell på Måløy. Det viser seg me vert eit følge på 5 personar. Derifrå køyrer me saman til Kvalheim. No startar vinden verkeleg å ta seg opp, og ein kjenner det godt i bilen. Heldigvis har me med oss nokre erfarne gutar. Det kan vere greit å vite kva veg du skal parkere bilen for å ikkje miste døra når du let den opp. Eg berre nemner det.
Frå parkeringsplassen ved eit vatn byrja me vår sidelengse vakling mellom dei gedigne vindmøllene. Å gå rett fram var vel optimistisk. Me var vel som ein hau med fulle folk som vandra i dei merkelegaste stillingar opp gjennom grusvegen. Anja syns det var kjempe spennande å vere med på. Heldigvis hadde ho god bakkekontakt, det hadde derimot ikkje øyrene hennar.
 Junah syns ikkje det var fullt så kult. Eg kan på ein måte skjøne det. Når du går ut av bilen og vinden slår pusten ut av deg. Du prøvar å bevege deg framover, men vert kasta bakover i stadig sterkare tak. Overkroppen må fram og føtene ut i balansegang. Sjølv om det er overflod av oksygen rundt deg kjenner du følelsen av å ikkje få puste, før du snur deg bort frå vinden og tek inn ei frisk og kald luft. Vinden riv deg i kleda, i skone, i føter i hender. Du kan ikkje anna enn å smile. "Me er fulle på høglys dag, til og med utan å drikke" kjem det brølande frå sida mi. Så ler me alle godt medan me stavra oss vidare.
 Etter å passere ruvande vindmøller som ljomer av vinden, kjem me til eit utkikspost. Då kjem Skoddefolen sigande. Me tenkjer det ikkje kan vare så lenge sidan vinden har auka, men den tok aldri slutt. Me fekk små snuttar av havet og omgjevnaden vår. Det frisknar gjennom heile systemet og eg kjenner at dette er herlig, deilig, men samstundes litt skummelt.
 Det føles som Åse og eine karen går fram på eit stup, men eigentleg finn dei berre eit sekund med ly. Me slår oss ned og nyt delvis bøger som slår og ei varierande utsikt utover mot horisonten. Eg kan ikkje anna enn å tenkje det er nydeleg. Det er vakkert, så fint, så mektig. Kråkenes fyr ligg der nede å står imot dei store bølgjene. I går var dei målt opp i 13 meter høge. Vinden herskar no. Utover ettermiddagen skal det visst auke. Me tek eit val om at det er tryggast med retur til parkeringsplassen, då det mørknar fort, og tyngre vind ville gje oss mobiliseringsproblem.
I ly bak kraftverket tek eg det siste bilete på turen, av to blåste jenter som syns det heile var spennande når alt kom til alt. Den tredje jenta, eg sjølv, smiler frå øyre til øyre. Eit blidt møte med naturkreftene, følelsen av naturen i arbeid. På kanten, litt farleg, men samstundes så friskt. Tusen takk for laget gutar og jenter!

Dagens visdom:
Vind med makt
i all si prakt..

fredag 8. november 2013

Inneaktivitet..

 I dag har det faktisk hølja ned. Eg snakkar ikkje om slike små vassdropar som stryk deg varsamt på kinna, eg snakkar om dråpar så store som trollkjerringar som slår deg i hovudet med kosteskaftet. Det er slike dagar ein må søkje oppunde sitt regntette tak.
 Medan ein høyrer dråpane herje på taket som galne steinar kan ein nyte bilete frå dei dagane dei svake solstrålande lurte seg inn i huda å spreidde ein svak varme. Dagar med haustver slik me likar det. Slik me føretrekk det skal vere, iallfall når kameraet skal vere med ut.
Eg ventar på snøen. No bed eg erbødigst om at den må kome. Eg kan takle regn, men det er så trasig når eg ikkje har nokon stad å tørke dei stadig gjennomvåte kleda. Snø, du er hjarteleg velkomen. Bry deg ikkje om dei som hatar deg, dei veit du kjem.

Dagens visdom:
The rain will be gone in the morning,
but I'll still be here in the morning..

mandag 4. november 2013

Leikar inn november..

 November er i gong, og eg personleg ventar berre på snøen. I dag hadde me eit nokolunde haustver. Dette resulterte i ein liten tur ut med "superlinse" (55-200mm) å få tatt nokre bilete av dei galne sambuarane. Erin var heilt på topp i dag, og tok ein gangam style til publikum.
 Dette bilete seier og mykje om katten Erin. Det lyser vel ut av ho. Mykje energi og tull. Kan vere kjekke og, men har mykje birma i seg i hovudet. Ulv i fåreklær kan ein vel kalle denne pusen.
 Ikkje kom å sei til Anja at ho ikkje er ein superhelt. Då vert ho nok skuffa. Å sjå stillbilete av Anja i fart er alltid ei underhaldning. Øyrene flagrar og føtene rører sjeldan ved bakken. Ein fasinerande sprettert som flyg rundt som ein vind i gledje over livet. Etter 5 og eit halvt år med ei BeagleSamojedFlatcoated blanding har eg komt fram til at det iallfall er ein veldig glad hund.
Dei har det godt hundane når dei får leike og springe litt fritt rundt om. Det er ei fryd å sjå korleis dei apar seg ut på kvarandre og kjem på forskjellige sprell på vegen. Det gledar hjarte mitt å sjå dei springe lause. Diverre må eg ofte prioritere å ha dei i band, men då verdt slike tider ekstra mykje verdt.

Dagens visdom:
Freedom to fly..