tirsdag 29. oktober 2013

Oktober mot slutten..

 Oktober har vore ein lang og variabel månad. Fredag er det slutt. Då tek november over med myrke, kalde kveldar som knip deg i kinna. Regnet vert kvitt og dannar eit kvitt lag av melis over markane. Vinteren melder sin ankomst og jul vert meir og meir aktuelt. Folk stressar i gatene for å finne gåver, andre reiser vekk for ei siste oppleving av ferie før julestresset.
 Erin har byrja å vere ute på dagtid no. Dermed har ho vorte ei mykje meir behagelig katte å ha innandørs. Mindre mas, og ho slappar mykje betre av. Kjekt for katten, kjekt for oss.
Hundane er like galne som alltid. Mykje regnver gjer at det vert sleipt over alt, og det er som regel ein prøvelse å kome seg frå A til B i skogen. Likevel trakka me rundt om å er stort sett gjennomsyra av regn og gjørme. Me gled oss stort til snøen kjem!

Ellers kan eg nemne at leiligheita i Olaskogen har stor framgong. Me har bestemt oss både for golv og fliser, dører og kjøkken. Mykje som skal bestemmast når ein skal lage noko heilt nytt. Alle val ein må ta. Me er i alle fall veldig spente på resultatet som er ferdig etter nyttår ein gong.

Dagens visdom:
Dumskap har hjelpt ein mang idiot..

fredag 18. oktober 2013

When you're weary..

 There comes a time when you just look out the window
You're feeling empty and lonely like a widow
 There is no hope at all
All you want to do is fall
Down, down in the deep
In to an endless sleep

Fight your battles clean and square
Do more than anyone would dare
Remember what you value in life
Dare to strike on with your knife
Rise with the sun and yell your best
Before you go to peace and rest

onsdag 16. oktober 2013

Catslide..

Lånt frå catslide.no

Eg er ikkje den store treningsbloggaren, men for dei som har lyst å oppdage noko nytt og artig innanfor trening, tenkte eg å tipse om "catslide". Eg veit at konseptet ikkje er nytt av året, og at det har vore der ute ei stund, men sidan damene på damtrimmen skal få gå gjennom catslide-øvingar i dag tenkte eg at eg like gjerne kunne dele litt informasjon om det på bloggen.

"Catslide" er ei type trening som går mykje på kjernemuskulatur. Den muskulaturen som held oss saman, og støttar oss i alt me gjer. Treninga er effektiv og gjev fort resultat. I tillegg er den kjempe artig å styre med. Namnet catslide kjem sjølvsagt frå kattane, noko som ein kan tenke seg denne sporten er inspirert av. Me ser vel alle føre oss ein katt som strekker seg frammover, og fortsetter med ei heil remse av ritualer når den nettopp har stått opp. Desse "rituala" er mange av dei faktiske øvingane me gjer når me trenar catslide.
Lånt frå google, sjekk copyright
 I dag på trimmen skal me gå gjennom øvingar som er inspirert av ein artikkel eg fann i budstikka. Artikkelen kan du lese her. Det skal sjølvsagt gjerast på billigast mogleg vis, så eg har bedt damene ta med tjukkelestar. Dersom ein søkjer på nettet kan ein finne mykje inspirasjon til kva ein kan bruke som utstyr. Catslide.no har eigne puter ein kan kjøpe, eg har vore med på trening der ein har brukt teppefliser, og så har ein mi løysing; tjukkelestar. Det er trossalt noko alle har.

Øvingane går hovudsakleg ut på at du har noko som kan gli på golvet, enten under foten, eller på handa. Så skal du bevege hand eller fot fram eller tilbake, medan du støttar deg på det som er fast i golvet, ein fot eller ei hand. Artigaste øvinga etter mi meining er "stjerna".
Som du ser på bilete har du pute på alle lemmar. Øvinga fungerar slik at du har hende og føtter ut, for så å trekke dei inn att. Hard, men effektiv trening.

Eg har organisert treninga i dag slik at øvingane skal gjerast som sirkeltrening. Me har altså postar som ein skiftar mellom. Dei skal jobbe 90 sek på, og 30 sek pause. Kvar øving skal gjerast i 10 repitisjonar før dei får ta 5 sek pause. Slik held dei på kontinuerlig til 90 sek er gått, og neste post står å ventar. Musikk held oppe motivasjonen, og sidan ein alltid er to på posten støttar ein litt kvarandre.

Det var ein kort presentasjon av "catslide". Berre for å prøve å inspirere. Om du skulle vere meir interessert i denne type trening, ta deg eit googlesøk og du finn utruleg mykje insirasjon og informasjon. Lukke til!

Dagens visdom:
Stretch it like a cat..!

fredag 4. oktober 2013

Helgahornet..

 I går var eg og hundane på Helgahornet for fyrste gong. Dette er eit sentralt fjell i forhold til internett og slike saker. Det er nettopp her ifrå me får det internettet eg sit på no. Øverste bilete er Dalsfjorden sett frå Helgahornet.
 Strålande sol, men mykje vind.
Me hadde denne gongen og menneskeleg lag. Maria var med oss å skapte ein koseleg atmosfære. Kjekt du ville vere med. Ein flott tur som passar for alle!

Dagens visdom:
Det er i motbakke det går oppover..

onsdag 2. oktober 2013

Haustveiret slår til igjen..

 I dag har me vore i høgda å herja igjen. Veret er heilt nydeleg dei dagane det er kaldt. Er vel standard her på Sunnmøre det. Kaldt ver melder om fine dagar. Her har du Anja og Junah i heilt normal "pose" på Løviktuva.
 Uansett kvar ein går er det vakre haustfargar. Vanskeleg å gå forbi utan å knipse nokre bilete.
 Badesesongen er sjølvsagt ikkje over..
 
Haust er den vakraste årstida her i distriktet!

Dagens visdom:
Vakre fargar gjev livslyst..