torsdag 21. februar 2013

Pretty Little Liars og vinterferie..

Av og til er det lett å gløyme at eg har ein blogg eg burde oppdatere. Akkurat no kom eg på det. I går skulle eg eigentleg på konsert med Hellbillies. Eg har nemleg "vinterferie" denne veka. Hellbillies vart desverre avlyst to timar før dei skulle på scena, dermed vart det endringar i kvelden. Eg kan fortelle ei kort oppsummering og resultat frå kvelden: No er høgre bakglaset på bilen min teipa og plastra med plast fordi det ikkje ville oppatt etter at det vart tatt ned i går kveld. Dermed kaure eg rundt fjorden i går med eit plastglas. Sånn er det med den saken. Men noko bra konsert vart det altså ikkje. Håper der kjem nye anledningar.

Eg har likevel hatt nokre kjekke opplevingar i ferien. Var mellom anna å reid saman med Eirin på tysdag. Det var ei herleg oppleving, slik det alltid er.Men raua mi likte det ikkje så godt, men det får ho berre verte van med. Så har eg mykje fritid som eg burde bruke til skulearbeid. Den fritida bruka eg alt for mykje til PLL. No gled eg me aller mest til laurdag, for då skal eg på ski på Strandafjellet. So er ferien snart over.........

Så var det den nye serien eg ser, Pretty Little Liars. Byrja på sesong ein for nokre veker sidan, og no er eg komt i slutten av sesong 2. Mange spørsmål som til dømes kven A er, kven er mordaren og så vidare. For dei som ikkje kjenner serien handlar den hovudsakleg om ein vennegjeng på fem der ein av dei vert drept. Enkelt konsept, men sjukt spennande. Anbefalt.

Dagens visdom:
Got a secret, Can you keep it?
Swear this one you'll save
Better lock it, in your pocket
Taking this one to the grave!

søndag 10. februar 2013

Ennå meir vintersol!

I dag har det vore heilt nydeleg ver. -4 grader og deilig puddersnø. Ein kan ikkje be om så mykje meir enn det. Bileta seier vel sitt. Det har vore ein flott vinterdag!

Dagens visdom:
We're walking in the in clouds..

søndag 3. februar 2013

Fyrste slalomtur!


 I dag kaure eg og Ole Andreas til Strandafjellet Skisenter. Me var litt usikre på kor mange løyper som var opne, og kva vêr som venta oss, men me kunne ikkje ha vore heldigare. På starten av dagen var det i tillegg lite folk i løypene. Føret var også godt, og sjølv om det var mykje humpar og spor i løypene var det nydelig å endeleg få lufte slalomskia.
Ein annan ting som ikkje var så bra var at eg måtte leige skisko. Eg finn rett og slett ikkje igjen slalomskia mine. Det var sjølvsagt dumt, men alt for å kome seg opp i trekket. Utover dagen merka eg både i kne og lår at det var lenge sidan eg hadde stått på ski.
 
Då eg kom heim drog eg å henta hundane. No har Junah stadfesta at det skal vere chill resten av kvelden. So då får ein vel berre høyre på ho!

Dagens visdom:
The snow hides a wonderful play..