mandag 28. januar 2013

Bilete frå nyetelefonen..

 Denne månaden har det vore den lengste kuldeperioda me har hatt her sidan 1970-talet. Det sa iallfall gamlefolket her. Det har vore nydelegt ver, ein kan ikkje klage. Gradestokken har vore ned i mot -10, og det har vore stabilt med sol på dagtid. Nedbør har me ikkje sett noko av, så snøen har glimra med sitt fravær. Ei gledje for mange, men for meg er det sorgen. Sjølv ikkje oppe i fjella er der snø.
 Det frosne landskapet byr på ymse fasinerande naturlandskap om ikkje anna. Eg og mamma bestemte oss for å kike oppom fossane en ta dagane. Dei har vore frosne lenge. Slik såg dei ut denne dagen.
 Ser ut til at her også var litt snø. Kar den har komt i frå er ikkje godt å seie. Elva var forøvrig frossa heilt ned til sjøen. Det er alle elvene her. Alle stadar som ein gong var vått var frossent.
Anja synes også denne isen er spennande. Ho fer avgarde på den tidt og ofte.
 I går kom derimot mildveret. Inne i fjorden har det vore mykje solid sjøis denne kuldeperioda. Desverre har der gått ein del båtar som har delt isen. Så noko skøyteis har det ikkje vore. I går bles det kraftig og var mildt. Då kom sjøisen utover. Fyrst eit flak som kom seg forbi neset, so kom dette som sleit litt meir. Då eg kom nedatt frå her var det lagt mykje sjøis frå Løvika og inn til Lyngneset. 

Det skjer mykje naturfenomen når kaldt vert til varmt. I dag er det berre mykje vind, mildt og regn. Eg håpar fortsatt på snø..

Dagens visdom:
Den som ventar på noko godt, 
ventar forhåpentligvis ikkje forgjeves..


lørdag 19. januar 2013

Ice baby, Ice..

 I dag døde kong Henrik VIII (les; Eg såg siste episode av The Tudors). Det var ein tom følelse. Sånn er det eigentleg alltid når ein er ferdig med ein serie som ein har brydd seg mykje om, og sett seg inn i det ymse karakterane. Du saknar litt universet. Dermed var det på tide å utvikle sitt eige univers. Me gjekk derfor oppover i søket om noko spennande. Skrubbenestjønna var botnfrossen. Det syns hundane var kjempe kjekt.
Anja og Junah fekk springe laus på Tjønna. Dette synes dei var utruleg morosamt. Dei sprang av hjartans lyst i full fart, og ikkje greidde dei stoppe på isen heller. Etter denne runda gjekk me litt vidare oppover og naut vintersola.

Dagens visdom:
Frozen inside..

fredag 18. januar 2013

Yes, mylord..

 Det er ikkje ofte eg deler bakeoppskrifter, men denne browniesen vil eg påstå var sopass vellukka at den må delast. Den var saftig og nydeleg smak på. Skal du lage brownies og er ein ekte brownies-elskar som meg, prøv den.
 Dagane går frammover, og me har hatt mykje sol. Saman med sola har me hatt mykje barfrost. I kveld er det minus sju grader ute, og me må fyre i ovnen konstant. I tillegg brukar me mykje energi å leite etter bolig på den andre sida.
 Sjølv om skulen krev sin del, brukar me mykje tid i naturen. Det som er fasinerande i denne kulden er alle dei flotte kreasjonane som vert skapt av is. Her er eit av mange samlingar med istjokklar, som me kallar det. 
I denne kulden synes Anja det er grusomt kaldt å stå i ro når folk vil snakke med oss. Derfor prøva me å halde oss i konstant aktivitet ute. Eg har desverre rota vekk gensaren hennar. Noko ho hadde hatt stor bruk for akkurat no.
 No har me tatt helg. Det står igjen to episoder av The Tudors, ein serie som har prega mykje av kveldane mine i det siste. Har fått litt sansen for middelalderseriar. Håper å kome i gong med Game of Thrones når det vert slutt på Henrik VIII.

Dagens Visdom:
 If it pleases your majesty..


lørdag 12. januar 2013

Mother Nature..

I dag har me vore på Mork å trent litt LP. Me gjekk også ein liten tur på turstiane der.
Heilt nydelig!
Dagens visdom:
She's just a girl..

fredag 11. januar 2013

Thoughts and dogs..

 Når soli skin glimtar ein stråle av håp. Håpet gjev følelsen av lukke og framtid, some i drivkraft for sjela. Sola kjem og med varme. Dog varmen ligg fjern so tidleg, kjem ho sakte sigande, og får straks overtaket.
 Den lave sola spelar verda eit puss. Om du snur deg er ho borte, men snur du deg tilbake stryk ho ditt kinn. Frå varmt til kaldt på sekunder. Likevel er det vanskelegare å gå frå kaldt til varmt. Slik er det i livet.
 Skuggane leikar seg rundt den smale sti, og dannar ein smal veg til lyset. Sjelen dansar mellom strålane. Den let seg glitre av små glimt, medan mørket desperat prøver å sluke lukka. Solstrålane leikar seg forbi, dei er dominante, dei bestem. Skuggen må underkaste seg.
 So forsvinn sola sakte bak fjella. Lyset endrar seg. Det vert kaldt, og sjela kviler med eit sakte sukk. Så var det over for i dag. Like fort som det kom.
Dagens visdom:
Who is that girl I see
Staring straight back at me?
When will my reflection show,
who I am Inside..?

onsdag 9. januar 2013

Januar i eit nåtaskal..

Skulen he byrja, kvardagen er i gong, jula er rydda vekk (merk: juletreet står ennå). Ferien er over. Tid for realiteten. Men fy så kjedelig pedagogikk er. Forrige veke var hard, denne veka har vore enda verre. 6 timar med pedagogikk virkar som ei evigheit. Kunne sikkert levd to liv i mellomtida. Iallfall føles det slik. Som regel brukar eg ikkje syns julestarten er hard, men i år er det grusomt. Heldigvis betalte eg semesteravgifta seint, slik at stipendet ikkje har komt. Dermed har eg ikkje pengar til bøker (takk og lov!).
Illustrasjonsbilete lånt frå telering
Hugsar de mobilen min, den skjønne HTC One S som eg elska høgt, men var dum nok til å knuse skjermen på? Den leverte eg inn til reperasjon for ei veke sidan. Tysdag ringde dei å fortalde meg at dei ikkje kan ta back-up (eg mister alle bilete som var der mellom anna). I dag ringde dei å gav meg dommen på kva dei har funne ut. 3000 kroner skal dei ha for å skifte skjermen, og toppen av kransekaka seier dei at dei ikkje kan garantere at den skal fungere etter det. Hyggeleg.

Ellers er livet på veg til å endre seg. Me har starta boligsøk på den andre sida. Så det skal verte spennande tider frammover, og kanskje snur det til noko bra? Kven veit..

Dagens visdom:
Give me what I need
Not what I want..

onsdag 2. januar 2013

Røff start på året..

 Fyrste nyårsdag starta med telefon til veterinærvakta. Rebus (eller Eris som mamma har kalla han) hadde vorte mykje dårligare over natta. Det var nyårsafta me byrja merke noko på han. Han var slapp, delvis lam i bakføta, blod frå munnen, sår i munnen og ekstremt redusert tilstand. Dette var seint nyårsafta. Dermed vart det fyrste eg gjor tysdags morgon å reise til dyrlegen. 

Ho sjekka nøye munn og kropp og fann til slutt ut at blæra var veldig full, og at der var urinstein som blokkerte. Ho fekk tøme blæra, der var mykje blod. Stakkars pusen hadde det ikkje godt, men me vart sendt heim med smertestillande, antibiotika og i tillegg hadde ho væske under huda hans.
Rebus vart dårlegare utover kvelden og i dag tidleg var han borte. Han vart berre 1 år gammal, og hadde so mykje meir han skulle oppleve. Det var trist at han ikkje greidde seg, og enda verre å sitte tilbake med følelsen av at ein burde gjort meir. No er det berre Yuki attende. Han kjem mest sannsynleg til å verte verande. No trur eg ikkje det vert fleire fosterkattar på meg på ei stund.

Kvil i fred, Rebus!