søndag 30. desember 2012

Året då verda skulle gå under..

Januar
I januar var dei store hendingane at me saga ned den digre lønnen som alltid har vore ute i hagen ut med mamma. Var rart å sjå den fare. I tillegg fekk eg fire kattar i hus.
Februar
I februar forlot Lisjepus oss. Det var trist og rart at ho som alltid hadde vore der skulle fare frå oss. Ellers var det ikkje noko kjekk månad.
Mars
I mars kom ein liten oppsving. Bronsemerkeprøva stod for tur. Denne hadde me trent på sida september. Me greidde den akkurat, og det var nok det som skulle til for at me fortsatt trenar lydigheit i dag.

April
Anja vart 4 år. Junah og eg var med på Agilitykurs. Eg og klassa besteig Eidskyrkjar og natta til denne dagen brann Steffagarden ned. Det kjem eg nok aldri til å gløyme. Det var også utdrikningslag for Linda. Så i april skjedde det mykje. 
Mai
Månaden starta med Ellinorkurs i snøstorm. Andre nemneverdige hendingar er bryllaupet til Linda og Alexander. Eg kan nesten ikkje hoppe over og nemne at eg og var på dagstur til Oslo for å sjå etter Bieber saman med Sandra. 
Juni
I starten av månaden fekk eg faktisk oppleve å gå fjelltur i snøstorm. Denne månaden reiste eg, Ole Andreas, Inger Lise og Runar til Tyrkia. Det var ein fin tur. I tillegg fylte eg og Ole Andreas 8 år. Oskar måtte forlate oss etter at reven hadde vore på besøk.

Juli
Dette var for so vidt arbeidsmånaden min denne sumaren. Likevel skjedde der nokre oppturar. Eg og Junah deltok på vår fyrste utstilling. Me besøkte Hakallegarden, og var på Preikestolen for fyrste gong. Kalle måtte desverre forlate oss. Månaden vart avslutta på Lillehammer på biltreff, og ein tur til Oslo og Sverige. Ein koselig tur med Sindre og Ole Andreas.
August
Det har vore fyrste gong for mykje i år. Eg og hundane besteig Vardahornet i år. Me deltok på Siv Svendsen kurs, eit kjempe kjekt kurs, og utruleg innhaldsrikt. Me hadde delfin i Dalsfjorden for fyrste gong (som eg og alle andre veit om), Junah fylte 2 år og Fossastøylen Rett opp gjekk av stabelen for andre gong. Eg byrja også PPU.
September
Eg og Junah debuterte i LP klasse 1. Anja var plaga med ein mystisk sjukdom som ingen fann ut av. Fyrste snøen kom i fjellet og haustfargane kom for fullt. Mange fine turar denne månaden. 
 
Oktober
Eg og Ole Andreas var på danskecruise. Det var vel den største hendinga denne månaden. Elles baka me flatbrød, eg var i praksis på ungdomsskule, gjekk fjelltur i snøstorm (igjen!) og tok julekortbilete. I tilegg forlot BitteLita oss.
November
Eg fortsetter å pendle til Eid. Bolla flyttar inn i kjellaren til eit betre liv (forhåpentligvis). Twilight vart avrunda med ein verdig film og eg melde meg på eit sommarkurs i 2013
Desember
Månaden byrja med ein ridetur saman med Eirin. Eg hadde heimeeksamen og gjekk ut i ferie i midten av månaden. Så kom jula, og Junah stakk av for fyrste gong. Trur ho og Really likar å skape stemning i desember med å stikke av. Julafta er over, og me feira inn i Pettergarden. No er snart romjula over, og i morga er siste dagen i 2012. Forresten so gjekk ikkje verda under 21. desember.
 
 Godt Nyttår! 

fredag 21. desember 2012

Så gjekk ikkje verda under likevel..

 21. desember 2012 skulle verda gå under. Det spådde iallfall Maya-folket. Hit til har det ikkje skjedd noko, og no er det berre 8 min igjen i det eg skriv dette. Eg brukar dei åtte minutta til å fortelje litt kva eg styrer med i ferien min. I går var eg og Junah å fekk vaksine. I tilegg handla me litt rundt og hang litt på Spinneriet. God miljøtrening, og mykje skumle folk etter Junah si meining.
 Junah og Anja klokka 12:12. Dei håpte at iallfall støvsugaren skulle stryke med så det kunne verte fred å få, men den gong ei. Eg har og kika meg innom Joker på arbeid, og fått servert eit tacomåltid. Anja tok seg servert 300 gram sjokolade, og eg håpar inderleg ho ikkje endar med sjokoladeforgiftning. Ellers sit eg no å ser Edward Saksehand. Eg syns den er litt julestemning eg.
Tenkte i tilegg eg skulle oppdatere status på Bolla. I går vart han/ho lagt ut i hi. Eg er spent på om han overlever vinteren, men så feit som han var når han vart lagt ut, så burde det gå bra. Det skal viss ta ei 14 dagar før han sovnar, i mellomtida må me følge med. Sov Godt Bolla! ;-)

Dagens visdom:
Ein sin nød,
ein annans brød..

torsdag 13. desember 2012

Fyrste feriedag..

 Min fyrste fridag brukte eg til å sjå meg ein tur opp på fjellet. Då eg kom inn på Lyngneset stod derimot dette skiltet. Eg tenkte: "Jaja, får gå opp til elva å sjå då iallfall..". Eg starta å gå, og ipoden velde som vanleg ein song som passa til situasjonen; O fortuna.. Då lo eg litt inn i meg sjølv..
 Her er det som møtte oss oppe i Trollvadet. Ru is, med eit fint lag av snø oppå. Eg såg med andre ord ingen grunn til å ikkje krysse elva i dag. Dermed bør dei nok oppdatere skiltet sitt, desse sokalla fjellvande..
 Nydeleg skylag i dag. Upåklageleg utsikt, absolutt verdt turen!
Hundane var og vel fornøgde. Dei er og lykkeleg for at eg endeleg har mykje tid til overs i juleferia mi. Det er eg og glad for. Mykje planar om peparkakehus, julegåver og kanskje nokre julemannar eller anna julegreier. Jul skal det iallfall verte!

Dagens visdom:
May the force be with you..

torsdag 6. desember 2012

På laust..

 I dag var eg og hundane inne på attlega å sprang tulling. I byrjinga hadde me ikkje sol, men ho kom heldigvis etterkvart. Me var og så heldige at me fekk litt snø i går kveld. Håpe her kjem mykje meir!
 Really og Junah var mest opptekne av å få godbitar. To små matvrak..
 Det var deilig når sola kom. Sjølv om det låg på minusgrader, og det er så vidt du kjenner sola, er ho der likevel, og alt vert brått litt kjekkare.
 
 Av og til stoppa dei opp og naut litt varmen. Men det var ikkje ofte dei var i ro, og det skal dei heller ikkje vere. Viktig å få bruke litt energi.
 Anja fann noko godt å rulle seg i. Heldigvis var det så frosse at ho ikkje fekk lukt av det. Endå godt var det, for det er mykje rart dei rullar seg i.
 Kvistar, greiner, tred. Ingenting er trygt når me er ute å fer.
Really var litt uheldig med eit strå, men sollyset var ellers nydeleg i dag.

Dagens visdom:
Kaldt og myrkt og lite sol,
soleis er det fram mot jol
Snø og is alt jordi gøymer
allting ligg i lengt og drøymer

søndag 2. desember 2012

Då var adventstida i gong..

 Den fyrste desember vakna me til kulde. Eg vakna bokstavlegtalt til kulde. Ovnen på stova var nemleg slått av kvelden før, noko som resulterte i 14 grader celsius inne på stova. Då var det ikkje særleg fristande å sette seg ned å ta ein roleg morgon for å seie det slik!

Heldigvis hadde eg avtalt med Eirin at me skulle fare ut med hestane. Dermed kunne eg skrive ein lapp til min sovande sambuar å røme frå huset. Jada, eg fyrte opp før eg for. Ute var det rett nok mykje kaldare. Minusgrader, så eg hadde kledt meg godt, alt for godt. Det reuslterte vel hovudsakleg i at eg var alt for stiv til å kome meg oppå hesten. Jaja, det gjekk seg no til med litt hjelp.

 Hestane høyrer til ute i nabobygda, men går for tida inne i Løvika. Det er tre islandshester. Eine er berre folen, så han er ikkje so mykje bruk i, men dei andre to er fine hoppe. Viss eg tenkjer meg opp har eg nok ikkje såtte på hesteryggen på nesten 10 år. Hadde du spurt meg noko om hest for 10 år sidan (mulig 15 år sidan) så hadde eg kunne svart på mykje. Eg kunne nok også fortalt deg ein god del om dinosaurar, ikkje at det har noko med saken å gjere, men det er jo same greia. Spør du meg i dag får du noko som "Ja, ekje d sånn der...?"
Hesteteorien min er med andre ord vag, og praksisen er tom. Fjols på hest kallar ein slikt, men kva gjer ein ikkje for ei gnagande interesse? Eg syns det var veldig gjevande å få ri, men kva ho stakkars hestejenta som var med meg syns er ikkje godt å seie. Mest sannsynleg tenkte ho inn i seg "Steik for ei wannabe-hestejente, kanskje ho bør drive med noko anna?", eller noko i den duren. For det var nok verken rett postitur eller kommando hesten fekk. Likevel satt eg på hesten når me dro ut, og satt på hesten når me kom attende. I tillegg satt eg igjen med ein godfølelse at dette er noko eg verkeleg likar å styre med. Herlig. Hest er best. Er det ikkje det dei seier?

Sånn frå spøk til alvor så var det kjekt å få vere med ut å ri. Eg takkar også min tålmodige rettleiar (som eg håpar les dette innlegget) for at eg fekk vere med på ridetur, og takkar for alle korrigeringar, som du mest sannsynleg med tryggheit kunne ropt fleire av. Håpar det vert fleire gongar. Det var alt i alt ei fin oppleving, og det varmar eit gammalt "hestejentehjarte". Takk for ein flott tur, til rettleiar og hestar! Og tusen takk til Moa som bar på meg heile vegen, eg veit det var tungt!
 Desember byr på mykje peiskos, som folk kallar det. Eg kallar det ikkje kos, eg kallar det kvalitetstid. Dermed vert det mykje rare stillingar i sofaen (nei Sindre, eg snakkar ikkje om kva folka gjer på). Her er ei av dei. Skulle tru sofaen var stor nok for alle tre, men Junah og Anja trur annleis. Junah nytter iallfall av plassen til Anja med stor margin!
 Så er det også fyrste søndag i advent. Lysa er sjølvsagt tende, og julegrantenninga er overstått. Ennå meir sjarm var det med desse nydelege isrosene på bilen min. Det er som Ole Andreas sa; Det ser ut som sommarfuglar. Eg er faktisk heilt einig. Det ser nydeleg ut, og høyrer så absolutt til i desember.
 Det var også ekstra kaldt i dag. 8 minus, og fosselva var meget frosa, som du kan sjå på bilete av Anja her. Litt småskummelt å gå over, men var verst for hundane. Sjølv med innebygde broddar vart det problematisk å krysse hellande stålis.
Introen til det kalde veret finn du her. Eit herleg skylag over himmelen. Det var forøvrig tatt på fredag, og var utsikta på veg heim frå skule. No skal eg nyte dei siste timane som er igjen av helga.

Ei god adventstid til dykk alle!

Dagens visdom:
Gjer livet til ein fest,
ri ein islandshest!