fredag 31. august 2012

Ubetinga kjærleik..

Once you're connected
It's more than expected
A smile everyday
Even from away
Happiness from clear sky
Never hesitate to try
A fellowship of two
Together, me and you

mandag 27. august 2012

Junah 2 år!!

 Tida går så alt for fort. Det er allereie to år sidan Junah kom til verda.
 Ho har lært mykje sidan den gong, og ståbilete er ikkje lenger ei alt for stor utfordring. Me har som kjent vore aktive i Lydigheitsmiljøet sidan september i fjor, og eg har vore så heldig å få ta Bronsemerket saman med Junah.
 I september deltek me på vårt fyrste offentlege stevne. Korleis dette skal gå er ikkje godt å seie, men me får håpe på det beste. Junah har også fått opplevd si fyrste hundeutstilling. 
Ellers har me sjølvsagt ennå tid til leik og morro.
 Anja har sjølvsagt vore med på feiringa!
Gratulere med dagen, kjekkaste Junah!

Dagens visdom:
Alder er berre eit tal..

søndag 26. august 2012

Fossastøylen Rett Opp 2012

 Eit stusseleg, kaldt og grått ver denne søndags førmiddagen. Oddbjørn skaut startskuddet rundt tolv, og då var løpet i gong. Der var vel omlag tredve stykker totalt i dag. Kanskje ikkje so verst med tanke på veret.
 Her har nokre av deltakarane komt opp, og publikum står og smiler av dei som er sveitte og utsletne. Sånn er det når ein helst likar å vente på toppen
For dei som skulle lure so er dette dagens middag.
Dette vart dermed eit lite informativt og uinteressant innlegg. Eg kan fortelle noko spennande likevel. Det vart ny løyperekord i år. Guten som kom fyrst sprang på 20 minutt og 10 sekund. Imponerande vil eg seie, iallfall på eit slikt underlag!

Dagens visdom:
Unwise - wise

lørdag 18. august 2012

YOLO dogs..

 Kjent stil.. Nyte livet..
 Stadig på kanten..
 Stor og liten, saman..
 Sjarm..
 Unnar eit lite pust i bakken..
 Strålande utsikt..
Saman er me sterke..

Dagens visdom:
You Only Live Once..

fredag 17. august 2012

Delfin i Dalsfjorden

Den siste veka har der vore ein delfin ute ved Lauvstad. Denne har vore til glede for store og små, og mange har engasjert seg for å få sjå han på nært hold. Eg var heldig å få sjå han tidleg i veka på avstand, men har heile tida deppa fordi båten ikkje var ute. Der stod nemlig ei gravemaskin mellom båten og sjøen. I dag tok eg tak i saka, og fekk ein lokal bygdemann til å flytte maskina. Dermed fekk eg båten ut, og det bar direkte utover på delfinjakt. Slik gjekk den til:
 Anja vart gal når delfinen dukka opp.
 Ho hylte og skreik, bar seg, og klatra..
 Delfinen var kjempe nyskjerrig på båten, og tykte det var spannande å kome heilt nær for å symje og hoppe ved sidan av oss. Han elska også å ligge i dragsuget bak båten.
 Lykkeleg og glad..
 Anja har bada med delfin. Ho kan iallfall stryke det frå  lista si. Sånn går det når ein er overivrig og dett over bord!
Ein herleg fyr, som det var kjekt å¨møte! :)

Dagens visdom:
Lukke er det du skapar undervegs..

søndag 12. august 2012

Amokk - kurs!

 Denne helga har eg og Junah vore på kurs med Siv Svendsen. Det har vore ei herleg oppleving på fleire måtar. Det var heile laurdagen, og heile søndagen. Me fekk strålande ver, nesten slik det var for varmt, men det kan me ikkje klage på.
 I helga har me lært mykje om belønning. Spesielt har me lært om belønning med leike. Ein kan undrast kven som var mest engasjert på leika her på dette bilete iallfall, men det har vore ei god erfaring å tenke litt meir over korleis og med kva ein belønner.
Her får Junah prøve seg på ruta. Sjølv om me skal til på klasse 1, er det like så viktig å sjå litt frammover seier dei. Ruta syns iallfall Junah foreløpig er kjempe kjekt. 
Her trenar me avstandskommandering, og me prøvar å få instruktøren i dekk. Neimen ikkje lett. Men Junah var iallfall flink! Og me fekk masse inspirasjon!
Bileta av meg og Junah har eg stjåle frå Hege (håpar det er greit!!).
 Her har du då gruppebilete. Manglar ei på bilete. 
Ho hadde ein Berner Sennen.
 God spenst i Siv! :-) 
 Tusen takk for eit flott, lærerikt, inspirerande og fysisk utslitande kurs!!

Dagens visdom:
LEIKEPAUSE
Full fest!!




søndag 5. august 2012

Vardehornet..

 Dette er kanskje litt flaut å skrive, men for fyrste gong i mitt liv har eg vore på Vardehornet (Varahonne). Dette berømte fjellet som ljomar 1107 moh, og kleder Fossastøylen trygt inne. Eg har iallfall på turen forstått kvifor det kallast Vardehornet, for der er vardar overalt.
 I tillegg til å bestå av stein og slikt, har fjellet fin utsikt. Anja stussar ikkje på å nærme seg kanten som går rett ned i Skålavatnet. Null stress lissom.
 Kva folk kallar toppen er også uvisst for meg. Dette var likevel den finaste staden syns eg. Sjølv om det ligg 70 meter under høgste punktet, var det her eg følte meg mest heime. Nydelig utsikt, og koseleg mark å sitte på.
 Her er Anja og Junah endeleg på det høgste punktet.
Me var vel nøgde med turen, og kjem nok til å gå hit igjen før me anar. Me likte oss her oppe, og kan berre angre på me ikkje har knøda oss opp før.
Fellesbilete måtte til. Etter dette gjekk me Sandskaret ned att til støylen, der me fekk slå av ein prat med hyttefolket, før me vende heim att til middag. Skodda var uansett på veg, så det hadde ikkje vore koseleg noko lenger tid.

Dagens visdom:
Dei trur meg ikkje når eg forklare
at Dravlausbygda er aller best,
Og Vardahornet vil mange svare,
er berre kuling, orkan og blest.
Det kan so vere, det er slik laga
me veit sørvesten han høyre med
Me veit han held ut i mange daga, 
men etterpå, du kor fint det e!

lørdag 4. august 2012

Hausten på veg?

Grågåsa har iallfall bestemt seg for at det er på tide å flyge sørover. Det burde me nok alle gjort. I dag tidleg var det nydeleg ver. Eg var skikkelig sur og gretten ei heile stund på arbeid, for det var så fint. Men det kunne eg spart meg, før dagen var slått på ettermiddag var skodda byrja legge seg, og no er det nitrist. No har eg forresten fulltidsferie. Endeleg lenger ferie enn fire dagar!

Dagens visdom:
Medan dagane går,
vert det hardare kår..