fredag 22. juni 2012

Så var 8 år gått..

 Då var dagen komen. Dagen som indikerar at Anita og Ole Andreas (aka Olita) har vore saman i 8 år. Det er byrja verte ei stund sidan me indikerte at me skulle vere saman. At det skulle vere oss to i Osjlo. Langt har me gått, og langt har me kjempa. No kan me med godt samvet legge 7 årskrisa bak oss.
 Eigentleg er eg ikkje så klisjete av meg, så ikkje forvent roser røde og fioler blå. Me trivt saman, så enkelt er det. Mykje har skjedd i vårt forhold berre siste året. Me flytte mellom anna saman, og et byr ofte på nye utfordringar, men på eitt eller anna vis har det vel fungert det også. Me bur her ennå iallfall.
Eg er glad i deg vennen min. 
Eg håpar på mange fleire år saman med deg!

Dagens visdom:
L is for the way you look at me
O is for the only one I see
V is very extraordinary
E is even more than anyone that you adore

Love was made for you and me!

onsdag 20. juni 2012

Eit regntungt farvel..

Oskar
Oskar er fødd ein stad i Oslo rundt 4. juni 2007. Han var kjøpt på Tam Alna Zoo av Linda, og vart sjuk kort tid etter kjøp. Han vart dermed brakt hit til Sunnmøre for renovering. Sidan den gong har han budd her med alle dei andre kaninene. Han er kastrert, men bur aleine om natta. Om dagen får han vere saman med resten. Han trivst godt saman med Helene, men han gjer ingen vondt. Han er krysning mellom hermelin og løvehode.

I dag tidleg møtte me eit stygt syn i kaningjerdet. Alle kaninene er sjølvsagt "inne" om natta, men likevel har dette skjedd på ein merkeleg måte. Eine bakfoten til Oskar var delt. Det såg ut til at han var bitt, og nedste delen av foten hang så vidt på. Eit grusomt syn. Han hadde også bittsår på framfoten på same sida. Me kaure sjølvsagt direkte til dyrlege, der dei konstanterte at det ikkje var mykje anna å gjer for han enn å la han sleppe.. No sit me igjen å må finne ut kva som har hendt, slik at me kan forhindre at fleire av kaninene kjem i same fella. Stakkars Oskar, det kunne ikkje ha vore ei god oppleving..

Kvil i fred vesle gut, du vert djupt sakna!

mandag 18. juni 2012

Yuki er tilbake!

Det er ei gledje å meddele at Yuki er tilbake attende her hjå oss. Han var utmagra og svolten, men har det godt. Det var ei dame litt lenger ut i bygda som fekk han inn i garasja si. Var ingen problem å hente han. No søkjer han atter ein gong ein koseleg heim, der han kan tilbringe resten av livet i sus og dus.

I tillegg, som du kan sjå, prøvar eg no ein litt meir sommarsleg layout. Syns det vart for trist og mørkt med den gamle. Kan vere det kjem små modifikasjonar sånn litt og litt. Dette har med at eg sjølv aldri vert nøgd.

Dagens visdom:
Den som ventar på noko godt,
ventar ikkje forgjeves..

søndag 17. juni 2012

Alanya - Tyrkia..

 I veka som var var eg i Alanya ein tur. Der var det jamnt rundt 30 grader i skuggen. Sjøen var ein nytelse med godt over 20 grader. Sol og varme er noko me manglar her heime. Fyrste bilete syner utsikta frå balkongen på rommet vårt. Havutsikt er eit must.
 Det skal ikkje mykje til for å fasinere meg. Dette gjor susen. Tenk at i Tyrkia har hundane eigen WC. Dette har me ikkje tenkt på i Noreg, kvi ikkje? Genial ide spør du meg! :p
Her er reisefølget oppe ved Alanya Castle. Ein gjeng på fire. Legg merke til at kule kvinnfolk brukar sjølvsagt ikkje solbriller.
 Stranda byr på kunst. Dette er mine vakre fotspor..
 Kva skjer når Anita ser eit dyr? Jau, ho berre MÅÅÅ ta på det. Så, eg spurte den stakkars tyrkerguten om å få halde skilpadda hans. Den var søt, men litt redd store skumle meg. Eg forstår den godt. På dyrebutikken selde dei bittesmå skilpadder. Dei var søte. Dei selde også hundar og kattar for skarve 12 kr. Eg vert dårleg av slikt marked.
 Her er eit bilete frå ei lita grotte som liksom skulle kurere astma. Eg har ikkje astma, så eg veit ikkje om eg er kurert, men eg var iallfall innom for sikkerheitsskyld! :)
Om noko skal takast opp som høgdepunkt må det vere snakk om dette bilete. Vannscooter er ein opplevelse som ein kan leve lenge på. Herleg å flyge over vatnet på den måten. Eit anna farty som imponerte meg på denne turen var "MyPet". Eg vil kalle det ein elektrisk trehjulssykkel. Med den suste eg og Ole Andreas av garde bort over gatene. Der var til og med ringeklokke på.
 
 Ingenting er så vakkert som ein solnedgang.
Ein solnedgang byr også på ein liten porsjon kjærleik. Livets strålar rekk ut ei vennskapshand som grip rundt kroppen din og gjev ein siste pust med varme kring hjarte. Nok til at to smeltar saman. Kjenner du klisjeen renne innover deg? Bra. Derfor kjem det neste super romantiske bilete:
 
 Foto av fotografen er også ein måte å loggføre kva ein syslar med i syden. Me shoppa mykje, såg oss rundt, og slike ting, men kamera vart stortsett underprioritert.
Til slutt slenger eg med eit heilt nydelig sexy bilete av meg som vert kolva overende av dei kraftfulle bylgjene. Dei skylde over meg som kjærleiksarmar og kyssa solnedgangen farvel. Då var poesien over for i dag. Tyrkia er fint, men mange tyrkerar er utruleg sletsomme. Ha psyka klar, og ta deg ein tur då vel. Ta gjerne eit prutekurs fyrst, ALT må prutast.

Dagens visdom:
You'll take the highroad
and I'll take the lowroad..

tirsdag 5. juni 2012

Wanted

 Laurdags morgon var denne pusen vekk. Han har komt seg ut frå kattarommet, og ut i den store vide verda. Me har ikkje sett han sidan, og det er slett ikkje godt å seie kvar han har gjort av seg. Han er skeptisk på folk, men må vel vise seg ein eller annan stad. Han er kvit med oransje hale, og en flekk på hovudet. Ver snill å sei ifrå viss du ser han. Han er mest sannsynleg ein stad i Dalsfjorden, men aldri godt å seie.

søndag 3. juni 2012

Alt har tre sider..

 Den normale sida er den alle ser..
 
Den mørke sida ser ein i mørke tider..
Den lyse, eller artige sida, er den alle vil sjå, 
men har problem med å finne..

Dagens visdom:
Kunsten er å sjå og høyre det ein bør,
ikkje det ein trur og vil..

lørdag 2. juni 2012

Back to snowland..

I dag søkte eg og Junah oss litt opp i høgda. 
Der møtte me atter ein gong Kong Vinter.
På dette bilete ser du dei enorme skavlane som låg i fjellsidene. Den delen på venstresida var all plassen me hadde å gå på..
 Det var bratt alle vegar her oppe, og mykje snø å ta omsyn til. Var kanskje ikkje den beste ideen å gå i Nike Shox. Eg kan vel uttale at det var ein våt og kald opplevelse for mine stakkars føtter.
 Endeleg på toppen. Her var det ekstremt sterk vind, og sekunder etter dette bilete fekk me også ein god dose snøstorm som varte heile vegen heim. Kjekt når det er snakk om juni.
 Fint lys til bilete var det om ikkje anna. Junah var glad for å sjå snø igjen ho. Prøvde å fange alle snøfnugg som flaug, men ikkje så tøff når haglebya tok oss.
Planen var eigentleg å gå denne dalen heim. Den planen vart snudd når det var så heise med snø overalt. Dermed enda me å følge fjellet vidare ned. Ein ganske så anstrengt tur i snøstorm og lite sikt. Tenkte i mitt stille sinn at det vert ikkje mange fleire toppturar før til hausten..

Dagens visdom:
Have faith in people..