torsdag 31. mai 2012

Bieber-mania!

 Tysdag kveld, medan eg skulle egentlig sjå grey's vart eg satt i tenkeboksa, om eg ikkje ville vere med på ein spontan dagstur til Oslo. Vel, bestemmelsetida var lang, men samstundes kort. Brått var flybiletten bestillt og avreise frå Hovden flyplass 10:55 i gårmorga. Flyturen ned var faktisk fin (ja, eg hatar å flyge), og på Gardermoen møtte eg Sandra. Kjekt å sjå ho igjen, og det var allereie verdt turen. Me tok flytoget inn til Oslo. I Oslo var det styr kan du tenkje deg, men fyrst litt om butikkane me var innom.
 Fyrste bilete er av spesielle legofigurar dei selde på Outland. Neste bilete er av Harry Potter slottet på Outland. Det mest fasinerande var at dei hadde Lego i lausvekt. Det er ikkje ofte ein ser rundt om altså. Eg vert så forundra når eg kjem inn på slike butikkar. Eg har berre lyst å ta med meg alt heim. I tillegg hadde dei Nintendo Monopol, ja, du haure meg rett NINTENDO MONOPOL. Eg har så lyst på det, men det kostar 400 kr eg ikkje har, iallfall ikkje når eg tek meg råda til dagstur til Oslo, og SKAL ha Pocky. 

Outland hadde ikkje Pocky (som eg fann), så me var innom Neo-Tokyo også. Der kjøpte eg ein Mariocaps til Ole Andreas som iallfall eg syns var kjempe kul, ein liten Totorobamse til meg, og ein pakke Pocky sjølvsagt. Deretter var me på Freiabutikken å handla twist i lausvekt. Det er ein flott butikk altså! Me var også innom Regjeringskvartalet for å sjå det etter terroren.
 Velvel, det skjedde andre ting i Oslo også denne dagen. Det var vel det som var reisemålet eigentleg. Oppleve denne crazy fanskaren, også kalla belibers. Det var heilt sjukt. Der var jenter (og gutar for den del) i hytt og pine, som hylte, ropte på Justin og sang. Eg forstår ikkje korleis dei kan vere so sterke fans. Slik fan har eg aldri vore av noko. Nesten so eg misunner dei litt. Tenk å "elske noko så høgt" at du gjer ALT for å få eit glimt av det. Justin Bieber kan vere fornøgd, Oslo var fylt til randen for han. Det var kaos overalt. 

Me hadde vel håpt på å glimte Justin me også, men sidan fansa laga slikt eit styr, enda det opp med at det berre var ein konsert, klokka 2045. Me reiste frå Oslo klokka sju for å rekke siste fly heim. Kanskje kan ein kalle det ein bommert, men me har vore på Justin konsert før me. Eg syns det var verdt turen berre å oppleve alt styret EIN person kan lage. Det er egentlig litt slik at eg kan verte imponert. Samstundes såg me glimt av desse anti-beliberane. Merkelig kor sterkt folk kan hate ein person ut frå ingenting. Det er lov å ikkje ha same musikksmak, men ingen grunn til å hate andre for å like musikk. Folk burde av og til "longskjemmast". Ikkje veit eg, kanskje eg burde grave meg ned i skam fordi eg reiste til Oslo i går, men ei oppleving var det iallfall. Det er vel slik at det går an å vere ein stad midt i mellom. Ein treng ikkje vere beliber, heller ikkje anti, ein kan vere "go-with-the-flow-and-sing-with-the-row". Beliber er eg iallfall ikkje, så sorry Justin.
Tilbake til kvardagen. Her er dei nye hagefigurane mine som eg tykkjer er aaaaaalt for søte. 

Dagens visdom:
Just shout whenever,
and I'll be there..

torsdag 17. mai 2012

17. mai!

 
GRATULERE MED DAGEN NOREG!

søndag 13. mai 2012

Eksamensforberedelsar..

Då er det sjølvsagt kjekkare å sjå gjennom arkivet av gamle bilete..
Her kjem gode minner:
 
 Iris. Den vakre katten som forsvant..
 Eg elskar dette bilete. Det tok eg inn i Løvika. Der har LøvikOla eit nydeleg tre som alltid blomstar med desse nydelige blomane på sommaren. Dette gjev meg skikkelig somarstemning.
Her kjem ennå eit bilete av Iris. Ein nydelig katt, med veldig sterk personlegheit. Eg undrar meg fortsatt over kvar ho har vorte av. Det er eigentleg ikkje godt å seie.
 
Dette bilete kunne eg ikkje unnlate å ta med. 
Dette er av min far! 

Dagens visdom:
Sometimes the past gives you inspiration..

tirsdag 8. mai 2012

Ellinorkurset!

 I helga som var var eg og Junah på Ellinor Antonsen sitt kurs i Ørsta. Der var kurs fredags kveld, heile laurdag og delar av søndagen. Me var heldige med veret på fredagen, men resten var snø og kaldt. Skulle ikkje tru det var mai iallfall.
 Dette var eit SUPERT kurs. Me fekk individuell oppfølging på oss, meg og hunden, vår ekvipasje. Alt var så spesifikt og konkret tilpassa for meg og Junah. I tillegg lærte me så utruleg mykje av å sjå på dei andre ekvipasjane, og korleis dei trente. Enda ein ting som var positivt var det store spennet gruppa vår hadde. Der var alle typar nivå, og dermed lærte me stort sett heile innlæringsprosessen. I tillegg har eg lært veldig mykje om meg sjølv som hundetrenar, og om hunden min. Eg har lært at eg ikkje treng å vere foringsmaskin, og eg har lært å vere meir bestemt.
Det var eit utruleg givande kurs. Me var spesifikt innom dekk, vendingar, lineføring, apport, fremmadsending og innkalling. Der var sikkert meir, men eg arbeidar med å fordøye all den supre informasjonen eg har fått. Ellinor har gitt utruleg mange tips og treningsmetoder for å oppnå eit bra resultat. No ser me lysare på målet vårt om å nå Klasse 1 i september. Ellinor fekk alt til å virke så enkelt, men samstundes så konkret. Eg lovprisar ho for dei flotte metaforane og døma ho brukte. Det hadde vore forståeleg for kven som helst, og det er det som er så herleg!

Får du sjangsen til å ta eit kurs med Ellinor, grip den. Eg skal iallfall neste år om eg får plass. Takkar også Ingrid Hesjadalen for dei nydelige bilete ho har tatt. Alle bileta i dette innlegget er tatt av henne!

Dagens visdom:
Er du med på tankegangen?