fredag 16. mars 2012

Didaktisk relasjonsmodell og hundar..

 Har ikkje vore så mykje blogging i det siste. Det kan ein vel takke denne modellen for. Me har hatt fagdidaktisk prosjekt dei siste vekene. I tillegg har me hatt fullt opp med skuletimar og alt for mykje fysisk aktivitet. Men no er oppgåva levert. Likevel reiser me til Bjorli igjen søndag. Spenningskurset står for tur. Eg må seie eg gleder meg til PÅSKEFERIE.
 Det er godt over ein månad sidan eg hadde tid å ta ein skikkelig langtur med hundane. Har som regel begrensa seg enten av sjukdom eller tid. Men i dag kom eg tidleg heim, osa av overskudd etter sirkeltrening på skule, og høg på druesukker. Derfor tok eg og hundane oss ein tur på støylen. Det var kjekt, heilt til me kom til brattebakkgarden. Der var snøven i "funkar, funkar inte" modus. Eit sant mareritt. Trur eg kunne drept kven som helst..
Ellers går nå dagane. Har eg fortalt at Junah er fønoman? Ho elskar å sjå på når folk brukar føna. Det slår aldri feil. Ho står der å følger nøye med. Om eg bles ho i ansiktet, syns ho nesten det er litt deilig. Merkelig kjelle.

Dagens visdom:
Sånn går nå dagane..

torsdag 8. mars 2012

Bronsemerkeprøva..

På mandag var det endeleg duka for den store bronsemerkeprøva.
Me var heldigvis heldige med veret.
Junah var veldig av og på. Virka nesten som om tankane hennar plutselig berre flaug vekk, for så å hente seg inn att. Ho var også veldig veirete og lettdistrahert. 
Ingen god dag med andre ord.

Tannvisinga fekk me overraskande nok ein solid 10'ar på. Det hadde eg ikkje trudd då me byrja kurset i september. Så skeptisk så ho var på denne tannvisinga. Det er kjekt å sjå at all treninga har gjort framsteg.

Neste ut var lineføringa. Denne trudde eg skulle gå fint, då eg og Junah har opparbeidd oss ei nydelig lineføring. Men dette var ikkje dagen. Ho vimsa hit og dit, og var ikkje med på holdtane i det heile. Veldig skuffande, men det var rett og slett ikkje dagen. Eg meinar å hugse me fekk 7,5 på lineføring. Forståeleg karakter, men irriterande å vete at me eigentleg har inne ein tiar.

Eg var eigentleg byrja føle på at dette ikkje skulle gå etter lineføringa. Eg hadde lite, eller inga kontakt med Junah. Ho var rett og slett ikkje med meg. Neste øvelse var dekk frå holdt. Fri ved foten fram til holdten var so som so, og holdten var treg, men gu den hunden reagerte på ordet "dekk". Så sjølve neddekket var flott. Det er jo også hovudmomentet i øvinga. Det som likevel var dumt var at Junah røyste seg før eg kommanderte ho i utgangsstilling. Med andre ord poengtrekk. Lurer på om me enda på 8. Muligens 7,5 der også.

Så kom me til innkallinga. Inga større glede enn å naile denne øvinga. Alt var perfekt, og ein velfortjent tiar. Junah kom som eit skudd og satte seg akkurat der ho skulle. Ein herleg følelse. Og eg byrja få litt trua igjen. Iallfall til neste øvelse; Stå under marsj.

Her ville ho ikkje vere med på Fri ved fot i det heile. Ville helst vandre sin eigen veg. Ho stoppa likevel perfekt, så det momente var inne. Men etter eg hadde vendt meg heilt om, byrja ho å gå rundt seg sjølv. Eg tenkte inn i meg sjølv at "no stryk me". Eg gjekk to steg bak ho, og tok ho med til holdt. Redninga i denne øvinga var at ho holdt seg innanfor to hundelengde. Dermed vart ikkje øvinga 0'a, men me fekk ein 5'ar. Heilt på kanten denne.

Så var det siste og verste øvelse. Enkeltdekk i 1 min. Pulsen min byrja å stige frå eg la frå meg Junah i ein perfekt dekk. Eg gjekk avstanden min, snudde meg, og venta. Det er merkelig kor lenge eit minutt varer. Junah snusa i lufta og virka uroleg i starten. Den type uroleg som ofte får henne til å røyse seg. Men ho ligg. Tida går, ho ligg. Eg får beskjed med dommaren at tida er gått, og hjarte lettar, eg går inntil hunden og ho røyser seg før kommando, noko som dermed øydelegger sjangsen vår for ein tiar. Me vert dermed trekt ned til 8.

Heilheitsinntrykket var dermed ikkje mykje å skryte av. Det låg på 7,5. Dette var slett ikkje dagen vår. Eg føler me har mykje meir å gå på. Det får me ta igjen å vise i klasse 1. Det viktigaste for meg er at me stod. Me STOD på bronsemerkeprøva. Ein andre plass, og totalt 108 poeng. Der er godt forbetringspotensiale, men eg seier meg fornøgd med å stå denne gongen. 

Dagens visdom:
Ein får ikkje både i pose og sekk..

lørdag 3. mars 2012

Våren er snart her..

 I veka som var, fylde Junah 18 månadar. Ho er halvegs i unghundtida. Eg er spent på korleis det skal verte frammover. Mandag står bronsemerkeprøva for tur. Eg håpar så inderleg at me greier den. Me har øvd intens sidan september. Men ting kan fort skje. Junah kan ha ein dårleg dag, eg kan ha ein dårleg dag, veret kan herje med oss. Men der er også ein sjangse for at Junah er heilt med, eg er heilt med, veret er fint. Det ville glede meg stort om me fekk til denne prøva.
 Junah har mykje potensiale. Derfor skal me gå ein del kurs no i vår. Eg vil bygge eit godt grunnlag til ho trer inn i dei vaksne rekker. Me skal på agilitykurs i april, no i mars skal me byrje eit firevekers kurs innanfor utstilling. Sist, men ikkje minst skal me delta på det berømte Ellinorkurset i mai. Forhåpentligvis skal me også debutere i utstillingsringen, og kanskje LP ringen? Det vil tida vise. Viktigaste for meg er at me har det kjekt, og arbeidar oss frammover!
 I dag har det vore skikkelig vårstemning i Dalsfjorden. Sola har vore her, og folkelivet yrar. Ein merkar at me går mot varmare tider, sjølv om minusgradene ligg i nærheita. Det er mykje som skal skje frammover, derfor er det greit at sola gjev oss litt energi. Den gjev iallfall meg litt ekstra håp, noko som trengs i desse dagar.
 Dono klenger seg på alle stadar han kan. I dag har han gått å hylt uttafor hundegjerdet, heilt til eg løfta han over. Det er ikkje det at han ikkje kjem seg gjennom, det er den enorme trangen til merksemd. Han er litt merkelig egentlig, men samstundes ein herlig godgutt!
 Ein av konklusjonane frå dagen handlar om at Really ikkje går an å ta bilete av. Han er faktisk heilt håplaus. Trur ikkje me har eit einaste bra bilete av han aleine. Dette må ein arbeide for å få til altså. No er han forøvrig ganske nedrøyta, og ikkje heilt på si beste utsjånadsmessige side.
 Etter mykje om og men fekk eg eit bilete av han, men så viste det seg at Junah stod i vegen. Typisk det, når en endeleg har rette vinkelen. De får iallfall sjå fjeset hans.
Ein skal ikkje gløyme "gamlemora". Ho har mykje energi for tida. Etter kastreringa har mykje endra seg til det positive, sjølv om litt heng igjen. Ho nærmar seg ein kjekk og bedageleg hund. Uansett er ho ei godjente. Derfor fekk ho vere med meg og Junah på Tussatun å trene i dag. Trur kanskje ho angra allereie, men ho fekk iallfall vere med.

Dagens visdom:
Show must go on..