lørdag 25. februar 2012

Tre perspektiv på same jenta..


 
Her har me tre vidt forskjellige bileter av Junah. Alle med same utgangspunkt, men forskjellige instillingar i photoshop. Så er det store sprøsmålet. Korleis får ein bilete best mogleg?
Ikkje veit eg. Min personlige favoritt er den fyrste. Den er fargerik, og nesten litt på kanten til uekte. Ein herlig stil, i forhold til dei "kjedelige" vanlege bileta. Ho gjer seg også i svart kvitt. Uansett, så er det artig å prøve ut litt forksjellige funksjonar!:-)

Dagens visdom:
How do the world see you?

torsdag 23. februar 2012

Run free..

Eg har nettopp sett dokumentaren "The Cove". Denne handlar om delfinslakting i ei bukt i Japan. Her fangar dei inn fleire tusen delfinar, som dei stikk lange knivar inn i. Bukta vert fyllt med blod. Eit grusomt syn, eg angrar allereie eg fekk meg til å sjå den. Samstundes har eg godt av å sjå sannheita. I tillegg er dei plaga med at delfinkjøttet har høgt innhald av kvikksølv. Heile slaktinga er meiningslaus. Delfinkjøtt er ikkje særleg populær heller. Pur djevelskap spør du meg. Men så er eg imot all type kvalfangst. Uhumant, unødvendig. Menneske er eigentleg ein grusom skapning. Eg er ikkje stolt over å vere menneske...

Dagens visdom:
The truth hurts..

onsdag 22. februar 2012

Origami blome..

Har du sett ein slik før?
Det hadde ikkje eg, før i dag.
Denne veka har me ein utenlandsk lærar i volleyball.
Han er frå Seattle/Kina.
Eg og Hege var som vanleg tidleg ut til timen i dag.
Eg fekk ein rosa, ho fekk ein blå fordi me var fyrst ute.
Det var litt koselig.

Han meinte nok ikkje meir med dette, men etter å ha søkt opp meininga med denne papirblomen, etter farge, viser det seg at rosa betyr glede. Den blå betyr ære. Me får berre ta det som eit kompliment!

Dagens visdom:
Where's my W??

søndag 19. februar 2012

Snøkongen Dono og eit aldri så lite hundetreff..

 Lykkekatten frå Japan..
 I'm sexy and I know it..
 Titt-tei!
 
 Dono kan gjerne vere ute i snøen, men all snøen festar seg i han..
 Her har me dagens festkomite.
Chiko, Dina, Junah, Really og Anja..
 Her kom også Knerten med i bilete..
Ein livleg gjeng!

Dagens visdom:
Jo flere vi er sammen..

onsdag 15. februar 2012

Pusungane veks..

 I dag har eg prøvd å sjekke kjønn på pusungane.
Mest sannsynlig er alle gutar. Dette er Yuki.
 Her er Rebus og Atlas. Er spent på om dei får seg fine heimar etterkvart.
 Lisje vennen. Om dei berre forstod at eg ville dei godt!
Mammaen, ho heiter Nussi frå før.
Skjønn mor. Håper ho kan lære dei om tryggleik.

Dagens visdom:
Time will show..

lørdag 11. februar 2012

Det går rykter om..

I går fortalte naboen til sønnen til tanta til gutten som hadde gul genser som hadde haurt det frå han med den svarte gensaren, frå mora si, som hadde haurt det frå nabodama som hadde sett det i stoveglaset mitt på natta. Slik gjekk det altså til at ein uskyldig gåtur vart til mordarar i gata..
Rykte har ofte fasinert meg. Ofte står eg med spørsmålet "kvar kjem det frå?". Det er som om heile landet held på med kviskreleiken og ingen får rett svar, i det heile. Fjøyrer vert til tusen høns. Slik går det, bygd som i by. Fordelen med by er vel at du aldri får det tilbake. Kom ikkje å sei du ikkje ser fasinasjonen. Folks nyskjerrigheit er underhaldning, nokre gongar på andre si bekostning.
Så, kvifor er me så nyskjerrige? Kvifor vil me so svært snakke med alle rundt oss? Eg veit ikkje anna enn at eg kan vere nyskjerrig sjølv. Då må det som regel innehalde ordet "hund" eller liknande pattedyr. Me snakkar vel alle om andre, og deler eit rykte eller ti, eller? Ikkje veit eg kva som er normalt.

Fasinasjonen går derfor frå å høyre om rykte til å vere ein del av eit rykte. Seinast i forrige veke haure eg at eg skulle gifte meg. Jammen er bygda føre var. Alt Ole Andreas kunne svare til ho han fekk det fortalt av, var kven det skulle vere med. Av og til vert me slått i intelligens av ryktet. Eg har iallfall opplevd det nokre gongar. No er dette eit ganske ufarleg rykte. Om eg får gaver i posten fordi eg skal gifte meg, så er ikkje det ein bommert. Der er nok verre ting.

Desse verre situasjonane er det derimot ikkje så ofte ein høyrer igjen sjølv. Då må ein ha pålitelege kjelder ute i ryktefloda, som fortel kva folk seier om deg. Eg for min del har ikkje så stor interesse i å høyre kva folk seier om meg. Overhaure forøvrig tilfeldig på ferja her at eg vart omtalt som "dyrevernet". Jaja, tenkte eg. Då er det vel eg som har anmeldt alle dyresaker i fjorden då. Det har eg jo også vore anklaga for. Det er ikkje det eg sitt å syt over det, men kan du sjå litt fasinasjonen?

Rykte handlar om å legge ihop 2 + 2 og få resultatet 4. Eg kan drage meg sjølv som eksempel. Eg er litt over gjennomsnittet interessert i dyr, eg er medlem i dyrebeskyttelsen, er fosterheim og legg meg ofte bort i andre sitt dyrehald med interesse. Dette gjev då det matematiske stykket Dyr + dyrevern = dyrvernsarbeidar som står for å anmelde alle saker som gjeld dyr. Hovudmistenkt nummer 1 når ei sak omhandlar dyr.

DET er matematikk me fleste klarer å forstå. Sjølv eg som la igjen matematikken på VGS. Eg seier meg fortsatt imponert. Konklusjonar utfrå fordommar og antagelsar. Me sniker på andre sine facebookprofiler, leser blogger i smug, studerar naboen frå stoveglaset. Antek, snakkar om det, skapar eit rykte. Me elskar det. Det er som blod for ei vampyrtann. Me flyt på suksessen av å snakke om andre, på godt og vondt.
No sit du nok å tenkjer at eg har vorte sentimental, at eg er så utsatt for mange forskjellie rykter at eg snart knekk saman i gråt over kor grusomm verda er, og kor grusomme alle folka i denne bygda er. Kanskje kan du lage eit rykte om det også? Det kunne verte interessant. Så kanskje får eg høyre kor det går med nervesamanbruddet mitt, sånn om ei veke eller to? Jaja, shit la gå. Eg smiler til verda, så smiler verda tilbake, iallfall sånn nokelunde. 

Skulle eg ha sett verda med andre sine auge trur eg at eg hadde rett vorte forvirra. Altså, ein må for all del ha litt sjølvinnsikt, er ikkje det eg seier, men raske matematiske reknestykker passar seg ikkje inn. For å konkludere eit menneske må du ha kjennskap til det. Litt som ei likning med tre ukjente. Du finn ikkje den siste ukjente før du har rekna litt på det. Det var ein djup metafor. For Sandra sin del skal eg meddele at kvar ukjent er steget mot å verte kjent med nokon..

Dette vart mykje babl. Kva var egentlig konklusjonen her? Ikkje veit eg. Eg får høyre med naboen. Han er ikkje på facebook, men han veit kva eg styrer med. Fint for han, så slepp eg å hugse det aleine. For eg er litt dement. Eg skal innrømme det. Så, tilbake til rykte. Rykte. Smak litt på det ordet. Er det negativt eller positivt ladd ord tykkjer du? Spelar det eigentleg noko rolle? Kjem vel an på kva du er anklaga for.

Rykte er noko som alltid vil vere in. Det vil alltid vere interessant å snakke om andre sitt liv, og det vil alltid vere interessant å fortelje det vidare. Det går ikkje an å bekjempe ryktespredning, ein må rett berre gjere det beste ut av det. Eg ser alt for mykje syting og klaging på at ein er anklaga for ditt, eller har haurt datt frå folk. Klart det er ikkje kjekt om du er anklaga for seriøse ting, som du helst ikkje vil ha på deg, men gjer noko med det. Vis at du er noko anna. Dei som verkelg bryr seg bør jo ha ei viss peiling. Viss ikkje heng du med feil folk, sånn heilt seriøst altså...

Nei.. Dette vart som konklusjonen i ein alt for lang drama film laga i Hollywood..

Dagens visdom:
God natt!

torsdag 9. februar 2012

Agilitykurs..

 
 No har eg meldt på meg og Junah på agilitykurs i april.
Det vert kjempe kjekt!
Skulle ynskje eg kunne gå med begge hundane,
men det vert berre stress.
Derfor får eg vente med Anja til hausten.
Ho er rett nok ganske dyktig då..!
Så me får bruke elementa me lærer på kurset og trene vidare på dei slik at Anja kan kome på same nivå som Junah vil verte etter kurset.

I tillegg står Bronsemerkeprøva snart for tur.
Det vert ein hundefyllt vår! :-)

Dagens visdom:
Ei gledje i framtida, 
gjev glede i kvardagen!

mandag 6. februar 2012

Evita aka Lisjepus..

 I dag måtte Lisjepus forlate oss etter lengre tids sjukdom. 
No var ikkje kattelivet verdig nok lenger til å fortsette.
Lisjepus var fødd 8. mai 1998 inne på Aksneset.
Me henta ho som 10 veker gammal, og sidan den gong har ho budd hjå oss.
 Ho har alltid vore utruleg kjælen, og tillitsfull. Var du ute å tok bilete var du sikker på å få med henne. Aldri eit spørsmål om kvar Lisjepus var. Det vert rart å vere ute å ta bilder no. Liksom ingen som trykker seg opp i linsa for å verte klappa.
 Katten har vore heldig. Aldri vore sjuk eller plaga. Levd livet fullt ut, og fanga utruleg mykje mus. Ho prøvde vel seg på noke fugla også en gong, men då fekk ho høyre det frå mamma. Så fuglar vart det aldri så mykje av. Det vart meir leik og morro med dei som gadd å leike med henne.
 Ho har alltid vore ein praktfull katt som alle har lagt merke til. Det vil ho nok alltid verte hugsa som også. Det skal også seiast at ho elska den merksemda ho fekk. Ho hadde også sine kjennemerker. Når Thomastoget vart plystra, var det ikkje lenge før katten var på plass. Det sørga Linda for. Det var vel strengt talt ho som trente ho opp. Det er jo henna katt.
No er åra med morro og jakting over.
Takk for den tida du var her saman med oss.
Kvil i fred, Lisjepus!

søndag 5. februar 2012

De tre musketerer..

 Den stolte hane..
Hurragjengen..
 
I dag hadde me oss ein tur opp gjennom råsene. Det var fint, men utruleg glatt underlag. Gjekk meir bakover enn frammover. Storm og snøv gjor at me ikkje streba oss etter toppen. Av og til er det kjekt berre å gå litt også.

Dagens visdom:
It's all for one..

fredag 3. februar 2012

Tid for helg, igjen..

No har eg desverre komt gjennom Ocarina of Time på 3DS'en. Det er litt trist, men det eg ikkje hadde fått med meg var at eg då unlocka Master Quest. Eg har aldri spelt heile master quest, så no er det berre å byrje på igjen. For dei som lurer er MQ same spelet, men med fleire fiendar, og litt andre oppgåver/retningar. Forøvrig går det veldig seint med Skyward Sword. Det er eit utruleg flott spel, men det er mykje meir komplisert. Komplisert er ofte også tidkrevjande.
Eg har også nyleg laga meg ein liten logo. Bestillte meg t-skjorte på spreadshirt der eg har denne på framsida, og Team Løvik på ryggen. Sånn eg likar det. Og frå det til ein annan ting. I går kom det snø igjen. Den var heilt perfekt i går kveld, men i dag er den øydelagt av litt for mange varmegrader. Håper den tek seg opp att til helja. 

Dagens visdom:
"I'll grant you the honour of carrying me."
- Princess Ruto