tirsdag 31. august 2010

Baibai August..

Så var den siste sommarmånaden over for denne gong også. I morgon startar hausten, september smyg seg inn mellom dei visne blada og bles alt bort. Det er starten på ei grå og tung tid for mange, og kanskje ei flott tid for andre. Det som er fint med september er at hagar og tun blomstrar over av frukt og bær. Dette er sjølvsagt den store slang månaden. Me seier også farvell til det grønne, og velkomen til det fargerike. Fjella får igjen oppleve den kalde snøen dekke dei små sukkertoppane, og temperaturen byrjar å tenke seg nedover på havnivå. Hauststormane snik seg rundt hjørna å ger meir enn å stryke, dei dyttar deg gjerne forover i desse dagar.

Dagens visdom:
Velkomen haust!

mandag 30. august 2010

To filmar, to hundar, ein solnedgang og sjølvsagt rundballar..

Fyrste film ut på kinoen på søndag. Pixar + Disney = sant.
Nesten så ej fekk lyst å leite fram alle dei gamle leikene mine!
Trollmannens Læregutt, film nummer to på søndag, i Volda. Ein herlig film med all den magien ein kan ynskje seg, i tillegg til ein dash romanse og komedie. Ein litt anna sjanger enn Pottermagi.
Høgt og lavt, Sunny på bordet!
Solnedgang sett frå Ørsta!
Se på min lille Teddy(and) du..

Og til slutt Anja sin favoritthobby
(mamma greie ikkje springe fort nok):

Dagens visdomsord:
Sjølv kråka skrattar av deg..

fredag 27. august 2010

Nok eit farvel, Bonnie..

Bonnie vart omplassert til oss frå familien Wangen våren 2005. Ho var fødd 15. mai 2003 og var ein reinrasa dvergwedder, frå same oppdrettar som vår BitteLita er ifrå. Bonnie budde fyrst saman med den andre kanina Sølvi. Dette fungerte kjempefint, heilt til Sølvi døde året etter på. Deretter kjøpte me inn ei kanin som me kalla Miini. Ho vart tatt av katten få dagar etter ho kom hit, og måtte bøte med livet i ein alt for tidleg alder. Dermed vart Bonnie aleine igjen. Då kom BitteLita inn i bilete, saman med ei kanin til som også vart kalla Miini. Bonnie har me andre ord vert gjennom forskjellige sambuarar og enda sine dagar saman med BitteLita og Miini ved si side.

Bonnie var ein typisk dvergweddar med mykje gi. Ho var ein av dei tammaste kaninene me har hatt her. Ho kom so snart du gjekk forbi gjerdet, og ho elska kvar ein løvetann du gav. I dag sovna ho inn etter ei kort periode med sjukdom. Bonnie er allereie eit stort sakn.

Kvil i fred, Bonnie!

tirsdag 24. august 2010

Haust på veg..



Til slutt slenger eg på eit gamalt bilete av min betre halvdel som eg er like så glad i den dag i dag!
Dagens visdom:
Seldom summer
Fall in colors
True love lasts forever

mandag 23. august 2010

Då eg klipte meg sjølv..

Grunnen til innlegg boom i kveld er at eg sitt å ser litt rundt på hardisken min. Der er jo litt ta kvart. Mellom anna fann eg bilete av då eg klipte håret mitt sjølv, på den følgande revolusjonerande måten illustrert i paint med forklaring under:Dette betyr at ein samlar alt håret i ein stram hestehale framme på panna der ein har skillet sitt. Det vil seie om du har sideskill vert det på sida der dette skillet byrjar, og på midten om midtskill og så vidare. Deretter bestemmer du deg for kor lang sjølve luggen skal vere. Dette er lengda frå panna og ut til der du klipper. Så klipper du rett av håret ditt. Deretter fiksar du på litt ujamne tuppar med saksa før du løyser opp hestehalen, og voila:
Eg advarer berre i grunn om at viss du har tjukt hår kan det verte vanskelig å få dette beint, men med litt etterpuss går det lekkert. Eit oppklipt hår er resultatet.

Tre bøker, ein kort presentasjon..!

Hav av tid er skrive av Merete Morken Andersen i 2002. I denne romanen tek ho opp kjærleik på eit heilt nytt vis, og gjev oss innblikk i korleis ein må gå vidare etter ei forferdelig tragedie. Boka handlar om korleis Johan og Judith må gå vidare i livet sitt etter at den 16 år gamle jenta deira Ebba tok livet sitt. Alle som var glad i Ebba prøver å forstå kvifor ho valde å døy, samstundes som dei prøver å leve vidare. Foreldra hennar er skilde, og faren har byrja eit nytt liv med Minna, men han har ein slags skyldfølelse ovanfor Judtih. Minna og Johan har ei tre og eit halvt år gammal dotter som Ebba var veldig glad i. Boka fortell frå alle sine vinklar kva dei føler når Ebba er død, og kva dei aktar å gjere vidare i livet. Judith og Johan har jo ikkje snakka på vel så lenge, og dei har mykje å snakke om når dei må møtast for å bestemme kvar dei skal sitte i begravelsen.

Natt til fjerde november er skrive av Karin Fossum og vart gitt ut i 2003. I denne romanen får ein innblikk i kor einsamt kvar enkelt menneske er i ein familierelasjon er. Ein får sjå korleis eit problem kan skape avstand mellom to som ein gong var gift, og korleis eit forhold til andre forandrar seg når tida går framover utan svar. Karin Fossum er mest kjent for sine kriminalromaner , men ho har fått Tarjej Vesaas’ debutpris for diktsamlinga Kanskje i morgen. I 1992 kom den fyrste novellesamlinga hennar ut, og ho er fortsatt ein aktuell forfattar i dag.

Mirjam Kristensen er forfattar i boka Dagene er gjennomsiktige. Dette er hennar fyrste bok og den vart utgitt i 2000. Boka gir seg ut på ein stor tragedie for ein liten familie, og om det å miste ein familiemedlem. Spesielt vert me leia av Sofie sine tankar gjennom heile historia. Boka er delt i to delar, fyrste med Sofie som barn, og andre del om Sofie som vaksen. Boka handlar om korleis familien må leve med ei tung bør, og om vesle Sofie som er berre eit barn sjølv, og ikkje har noko formeining om så djup sorg. Ein følger tankane til Sofie og får eit innblikk i korleis dei andre familiemedlemmane reagerer.

Desse bøkene skreiv eg særemne om på vgs. Eg arbeidde ut frå tittelen Kunsten å takle sorg. Den gongen synes eg dette var kjempe interessant. Det eg vil fram til i dette innlegget er at de bør ta ein kik på desse bøkene. Dei gav noko til meg, kanskje gjev dei noko til deg.

Dagens visdom:

Det er ikke hvordan man har det

men hvordan man tar det

torsdag 19. august 2010

Eit siste farvel, Mulan..

Mulan vart kjøpt inn som vennine til Moony (som me trudde var ei hoe) og var ei reinrasa hermelin. Ein kald vintersdag i februar 2004 viste det seg at Moony var ein hann, og Mulan vart mor til fire. Ho vart også mor til fleire i ettertid, før me fekk kastrert Moony. Mulan var fødd 1. juni 2003 på ein dyrebutikk på Moa. Gjennom åra sine har Mulan budd trufast ved Moony si side og dei har vore som eit ektepar. Dei har også budd saman med nokon av ungane sine. Mulan har dei seinare åra vore plaga med luftveisinfeksjonar. Noko ho har vore behandla for. Det siste halvåret har ho vore sjuk, og i går kveld rann det over for henne med sjukdom. Flugelarvar angreip magen og områda rundt kjønnsorgana. Eit forferdeleg syn, og ei stor smerte for ho. I dag sovna ho inn i ventetida for dyrlegen, 7 år gammal. Ho vert eit stort sakn i flokken, og mest av alt vil Moony verte veldig einsam.

Kvil i fred, Mulan!

onsdag 18. august 2010

Gummibåt..






Dagens visdom:
The water is wide
We CAN cross over!

tirsdag 17. august 2010

Ein fotosession med dogsa!



Her er også nokon bileter frå gårsdagens finever:


Dagens visdom:
Livet med mine firbeinte er herlig!

mandag 16. august 2010

Pariserhola og Regines Bok..

På søndag va ej, Linda, Sunny og Anja på titurmålturen til Pariserhola. Soga fortel om at det var ein hund som gjekk i hola og dukka opp att i Paris. Det var ein fin tur, bortsett frå at det ikkje fans noko rås, og var berre reint terreng. I våtaste laget for mine Nike Shox, om eg skal få uttale meg. Der var ei strålande utsikt på toppen, og det var verdt den varme turen. For veret var nemleg med strålande sol, og berre fryd og gammen. Hundane synes også det var kjekt, dog Anja var passe sleten av å drage Linda heile vegen opp.
I dag har veret vore heilt strålande. Ein kunne ikkje bedt om ein betre slutt på sommarferien. Medan eg har slappa av ute i sola har eg også tatt føre meg Regines bok. For dei som ikkje veit kva det er, så kan eg fortelje at det er ei bok som omhandlar det Regine Stokke skreiv i bloggen sin etter ho fekk diagnosen akutt leukemi. Eg vart skikkeleg dårleg inn i meg av den boka. All den smerta, all den usikkerheita og elenda ho gjekk gjennom var berre heilt forferdeleg. At ei jente på 17-18 år kunne stå på gjennom denne sjukdommen, og i tillegg legge ut om den til verda vart berre overveldande.Eg er byrja å tenke litt meir over mitt eige liv etter å ha lest om slutten av hennar. Eg føler meg sinnsjukt utakknemleg ovanfor livet mitt, og eg skjems over at eg kan klage på små bagatellar, når det er den store heilheita som teller. Eg håpar at denne boka kan sitte i meg ei god stund, og hjelpe meg til å prise kvar einaste dag, og vere meir takknemleg. Regine døde berre 18 år gammal, men utretta store ting dei siste åra. Ho delte ei historie som vil sette spor i mange hjerter, og eg er lei meg for at eg ikkje følgte bloggen hennar når ho ennå var i livet.

Dagens visdom,
tatt frå Regines blogg
(http://sinober.blogg.no/):

Face your fear.
Accept your war.
It is what it is.


torsdag 12. august 2010

Dagens songar..

Denne songen er frå filmen The Last Song. Ein veldig fin film med mellom anna Miley Cyrus. Dette er ein ungdomsfilm som er verdt ein kik.

Forøvrig har også Taylor Swift komt med ein ny song, Mine. Vert spennande med hennar nye album!

tirsdag 10. august 2010

Me tenkjer for mykje..

Ein ting som eg har tenkt på i det siste, mellom dei tusen andre tankane som foregår opp i der, er at eg tenkjer for mykje. Hjerna mi må nok vere heilt utslitt av alt mogleg frå bekymringar, til planlegging, frå glede til sorg, frå alternativ til alternativ. Eg som er ein iherdig Harry Potter lesar hengde meg opp i tanken bak å tømme hjerna for tankar kvar kveld, ja, nettopp slik Harry måtte gjere for at Voldemort ikkje skulle få gå inn i tankane hans. Har du nokon gong prøvd å tøme hjerna å tenke på ingenting? Eg får det ikkje til. Næraste eg kjem er å tenke svart, altså på fargen. Då kan eg ha igjen augene og med full konsentrasjon berre sjå svart, som er på ein måte mitt svar på ingenting.

Om det er noko vits å tømme tankane om kvelden veit ikkje eg, for sekundet eg sluttar konsentrere meg er eg tilbake på alle tankar. Ein tenker kva ein skal i morga, kva tid ein skal opp, kva ein skal gjere på til kvelden, spørsmål som ligg i hjerna og gnura, og for hypokondera som meg, om hjerte slår slik det skal. Eg vil tåre å påstå at sentrum for tankegangen foregår sekundet ein legg seg i senga i eit mørkt og stille rom. Ein kan jo trossalt høyre sine eigne tankar der, rett før ein sovna. Eg er sikker på at dei fleste mysterium er løyst medan nokon var på veg inn i søvnen.

Av og til kan tankar drive ein til vanvidd. Eg kan til dømes ikkje sjå skrekkfilmar på grunn av min forskrudde tankegang. Ser eg ein skummel film, til dømes Fritt Vilt. Då greier eg ikkje unngå å tenke på han skumle mannen som drep folk. Tenk om eg møter han ute, på fjellet, under senga. Kvar logikken i slik tankegang er kan eg ikkje svare på, men den kan vere veldig plagsom. Heldigvis går slike traumar over etter ei tid, men somme ting sitt for livet.

Det er ein grunn til at folk er mørkeredde på livstid. Kva er dei redde for? Verda er den same lys eller mørk. Det er tanken som skremmer oss, tanken om kva som kan skje med oss, kven me kan møte, gjerne også redde for å døy. Menneske er ofte redd. Ein av dei tinga mange av oss fryktar mest er smerte, både fysisk og psykisk. Me er redde for at nokon skal torturere oss, kvifor? Fordi me får det låkt, og me kan døy.

Tankane vandrar ofte mykje lenger enn me vil. Ofte kan ein liten sak verte til store verdsproblem opp i den vesle knollen. Dette er den mest irriterande delen av hjernefunksjonen. Ta ein gitt situasjon der du er ute å joggar ein mørk haustkveld. Så høyrer du rasling i buskene. Då byrjar du å resymere over alle ting du assosierar med ei rasling ein mørk kveld. Kanskje såg du ein film der eit udyr hoppa ut av buskane og tok ein, ja, til dømes ein joggar? Kom ikkje å fortell meg at du ikkje hadde jogga litt fortare etter den raslinga. Raslinga var mest sannsynleg kanskje berre eit vindkast, eller ein fugl som letta.

Då alt dette er sagt skal me vere glade me har hovudet i behold. Det er den viktigaste delen av kommunikasjon med kvarandre, og det er den som knirkar for å skrive dei orda eg gjer no. Me må ta vare på tankane, men kanskje prøve å ikkje gjere dei so sinnsjukt overdrivne som det mine ofte brukar å verte. Det er ofte dine tankar som gjer deg til den du er. Hadde likevel vore fint med ein AV knapp av og til.

Dagens visdom:
Din tanke er fri,
hvem tror du den finner?

søndag 8. august 2010

Hachico - A dog's story

Filmen Hachico handlar om ein hund, som heiter Hachiko, som er det japanske ordet for åtte, talet for good fortune i Japan. Ein mann med namn Professor Parker Wilson finn ein kvalp av rasa Akita Inu på togstasjonen i Bedridge. Han tek med seg kvalpen heim for so å finne dei opprinnelege eigarane. Der er ingen som kjenner til hunden, og dermed får Hachi bu saman med Parker. Det er no den sanne historia startar om forholdet mellom Hachi og Parker som består i at hunden alltid møter Parker på togstasjonen etter jobb, og følg han dit om morgonen. Ein rørande og fin film basert på ei sann historie:
In 1924, Hidesaburō Ueno, a professor in the agriculture department at the University of Tokyo took in Hachikō as a pet. During his owner's life Hachikō saw him out from the front door and greeted him at the end of the day at the nearby Shibuya Station. The pair continued their daily routine until May 1925, when Professor Ueno did not return on the usual train one evening. The professor had suffered from a cerebral hemorrhage at the university that day. He died and never returned to the train station where his friend was waiting. Hachikō was loyal and every day for the next nine years he waited sitting there amongst the town's folk.

Hachikō was given away after his master's death, but he routinely escaped, showing up again and again at his old home. Eventually, Hachikō apparently realized that Professor Ueno no longer lived at the house. So he went to look for his master at the train station where he had accompanied him so many times before. Each day, Hachikō waited for Professor Ueno to return. And each day he did not see his friend among the commuters at the station.

The permanent fixture at the train station that was Hachikō attracted the attention of other commuters. Many of the people who frequented the Shibuya train station had seen Hachikō and Professor Ueno together each day. They brought Hachikō treats and food to nourish him during his wait.

This continued for nine years with Hachikō appearing precisely when the train was due at the station.
(Wikipedia)

fredag 6. august 2010

Mi dyrehistorie..

No dei siste dagane he ej såtte på eit fotoprogram frå Elkjøp å laga mej ei fotobok. Der he ej skrive inn alle dyr ej he hatt, kva tid dei var fødde, kva rase dei er og kva tid dei eventuelt døde. No er boka ferdig og bestilt. Det vert spennande å få den i posten. Det kan vere greit å ha ei slik oversikt her i hus, sidan her har vandra mange forskjellige firbeinte opp gjennom åra. Legger med ei fin historie til minne om dei som ikkje er lenger, og nokon bilete av dyr som desverre ikkje er meir.. Ein annan dag skal eg skrive inn heile mi dyrehistorie, men det vert nok på sikt.
"Det finnes en bro som knytter sammen himmelen og jorden. På den siden av broen som ligger nærmest jorden finnes det store, grønne enger med masser av vakre blomster og trær. Det er alltid sommer der, med varmt solskinn, små bekker av frisk vann og nydelige sommerfugler.

Det er til dette vakre landskapet ved Rainbow Bridge at dyrene kommer når de dør. Alle de som var syke, gamle eller skadde når de døde, blir unge og friske igjen ved "Rainbow Bridge" - slik vi husker dem best. Her er de gode og varme, har massevis av mat og drikke og leker med hverandre dagen lang.

Alle dyrene er tilfredse og lykkelige, bortsett fra èn ting: de savner en som var svært spesiell for dem, en de måtte la bli igjen. Det er mennesket som var glad i dem når de levde på jorden.

Så en dag, midt i leken, stopper dyret ditt opp og ser langt mot horisonten. De klare øynene skinner, ørene står rett opp og kroppen skjelver i spenning. Plutselig setter den avgårde fra de andre dyrene, løper så fort at den nesten flyr over det grønne gresset - de sterke bena bærer den raskere og raskere. DU er kommet!

Når dere endelig møtes, tar du din venn i armene dine. Så lang tid fra hverandre, men aldri i hjertet. Du ser inn i de trofaste øynene og stryker hodet som har lagt seg på skulderen din. Du reiser deg og sammen går dere over Rainbow Bridge, til den andre siden. Dere skal aldri være fra hverandre igjen".

I England sier man derfor alltid når et kjært dyr skal dø: "See you at Rainbow Bridge..."

Dagens visdom:
Den dag kjem aldri at eg deg gløymer..

mandag 2. august 2010

Har me rett til å klage?

Veret
Omlag kvar einaste dag, iallfall minst to gongar om eg tek ferja, diskuterar eg veret med nokon. Gjerne om kor stygt det har vore i heile sommar, om at sola aldri er her, at det er kaldt, at skodda ligg her i evigheiter, at det bles, det regnar, at det rett og slett er ofjelgt, som gamlefolket seier her. Me pratar jo sjølvsagt om veret når det er fint også, men då startar som regel samtalen med "Kor fint ver det er i dag, slik har det jammen ikkje vore på lenge". Då går merkeleg nok emne over til alt det stygge veret som har vore igjen. Me mennesker elskar å prate om veret. Det er nok mest sannsynleg det mest brukte samtaleemnet. Og store delar av pratet er om kor forferdeleg dette veret er. Har me eigentleg noko å klag over?

Ditt og datt
Andre ting me og likar å klage over er kor lite pengar me har til alle dei flotte tinga me kunne kjøpt oss; moteklede, sminke, alkohol, juggel, ditt og datt. Det er forferdeleg kor lite pengar me har til å kjøpe oss alle desse nødvendige tinga som Playstation, ny datamaskin, det nye PC spelet, den nye gucci veska. Og at maten me kjøper ikkje var nøyaktig slik som me forestilte oss, likevel fullt etande, ja, det er krise for samfunnet.

Sjukdom
Ein annan ting som er verdens undergang er når me er litt småsjuke. Kor forferdeleg er det ikkje å måtte ligge å spy ei natt for så å verte frisk igjen, eller gå forkjølt ei veke, og verte frisk igjen, eller å ligge med influensa ei veke for so å verte frisk igjen? Nei, då føler me oss jammen dødssjuke..
Losji
Og så var det dette huset vårt. Ikkje er det rett farge, ikkje er det moderne nok, badet er utdatert, taket er mose på, møblane er so last year, fjernsynet er for lite, musikken for låg, ungane for bråkete. Hagen ser ikkje ut, ugras overalt.

Arbeid
Så er det ikkje minst snakk om kor lenge og forferdeleg me har hatt det på dissa åtte timane på jobb der me egentlig ikkje har gjort så mykje. Eller kor forferdeleg kjedeleg livet er, og at pengane kjem ikkje før då og då..

Har me rett til å klage..?
Kva då med dei som berre ventar på det me kallar styggever (regn til dømes), for at avlingane deira skal kome saman slik at dei har noko å leve av?
Kva med dei som berre har pengar nok til å dekke omlag sitt daglege behov for mat?
Kva med dei som ikkje har pengar i det heile, og som aldri får det heller?
Kva med dei som er dødssjuke av kreft eller andre drepande sjukdommar?
Kva med dei som ikkje har tak over hovudet i det heile?
Kva med dei som aldri har sjangsen til å få ein jobb, og tjene pengar til livet sitt?
Verda er urettferdig, sånn er det...
Eg har alltid sagt til meg sjølv at verda er rettferdig. Det vil vegast opp ein gong har eg alltid tenkt. Dei som er fattige er rike på andre ting enn pengar, dei som er sjuke finn andre lykker i livet. Er det ikkje eigentleg slik at me alle tilpassar oss til noko betre uansett kva situasjon me er i? Det er mykje elendigheit i verda, mykje meir enn nokon av oss greier å halde styr på og forstå. Folk og dyr vert torturert, stengt inne, drepne osv.. Kva rettferdigheit er det, her eg sitt i eit varmt og godt hus, godt planta bak dataskjermen? Likevel vil eg ikkje gå vekk frå tanken at verda er rettferdig, for eg må berre tru at innerst inne er verda balansert, på eit eller anna vis..!

Skam
Av og til skjems eg over kor godt me har det, i forhold til kor mykje me klagar. Er ikkje ofte du høyrer ein afrikansk unge som held på å svelte ihjel klage. Det fins viktigare ting i livet enn å klage. Likevel verkar det som om det er heilt umuleg å slutte med det. Eg har ingen sjanse til å la vere å klage iallfall, desverre.. Eg vil nok alltid klage på ting, men eg håpar iallfall at andre, slik som eg, tenker over det etter klaga er gitt, at me eigentleg har det veldig godt!
Dagens visdom:
Kjære Gud eg har det godt
Takk for alt som me har fått

søndag 1. august 2010

Uzumaki Naruto

He ej nokon gong fortalt dej kor herlig Naruto animeserien e?

Naruto e ein liten blond gut utan foreldre som gjer ugang i ninjabyen Konoha. Han er ein elendig ninja, men er heilt overbevist om at han ein gong skal verte Hokage, noko som kan kallast omlag det same som ein statsminister, eller president om du vil. Det er uansett den sterkaste ninjaen i byen. Naruto er ikkje som alle andre born, han har eit monster forsegla inn i seg. Den frykta ni hala reven som for lenge sida øydela heile byen.

I serien følger me Naruto og dei vennane han etterkvart skaffar seg, gjennom forskjellige oppdrag og eventyr. Me følger veksten og all lærdommen Naruto tek til seg, og ikkje minst utviklinga. Det handlar også mykje om folka rundt Naruto, og ikkje minst forholdet mellom Naruto og Sasuke (som er "erkerivalen" til Naruto, samstundes som ein veldig god venn).

Sjølve Naruto serien er på 220 episoder. Dette handlar om Naruto som 13 åring. Etter episode 220 har me eit tidshopp der Naruto trenar med Jiraya, og byrjar dermed "tre år seinare" i serien Naruto Shippuuden. Den har per i dag gitt ut 171 episode, men der kjem stortsett nye episoder kvar torsdag.

Naruto stammar frå mangaen (japansk teikneserieblad) med same namn. Animeen (japansk teiknefilm) har dermed fylt ut litt tid for å ikkje nå igjen mangaen med noko me kallar fillers. Dette er episoder med handling som ikkje foregjekk i mangaen (som en kan kalle den "originale" Naruto historia). Viss en v unngå dei verste filler arcene (kapittel, eller so kalla delar som omhandlar eit visst tema) så kan ein sjå følgande episoder i Naruto serien: 1-100, 107-135 og 220. Eg vil også anbefale å sjå episode 101 berre fordi den er morosam.

I shippuuden har eg ikkje satt meg opp ei slik oversikt, men der er nokon episoder som ein trygt kan hoppe over der også, men som likevel kan vere litt interessante å få med seg. Eg håpar du har fått eit inntryk av Naruto. Mest sannsynleg synes du sikkert det høyres kjempe teit ut!

Så koffor likar eg Naruto?
Det er til tider kjempe morosamt (sant nok med en tragisk humor, men den passar meg ypperleg), det er spennande, episk og "magisk". Eg har også danna meg ei forhold til karakterane og synes det er spennande og sjå korleis dei utviklar slossteknikkar, korleis dei utviklar seg i forhold til andre, og kven dei sloss mot, og om dei oppnår dei måla dei satt som yngre.Kvifor er Gaara min favoritt?
Sinnsjukt ondskapsfull, enormt einsam, forlatt.. Alt forandra til det betre via Naruto. Ej veit ikkje koffor ej lika Gaara so godt, men han vekke minne for mej, og ej gjenkjenne mykje av smertene hass, d e vel d en kan kalle å "føle med han". Kanskje han til og med gjenspegla dela av mej. Hekje analysert han so mykje, men han e min favoritt person i serien, trass i at han nesten aldri e med i episodene lenger. D e alltid ein bonus når Gaara dukka opp. Han er rett nok ein hardbakka EMO, men kven bryr seg om slikt? Han har ei herleg personlegheit gjennom animeen.

Dagens visdom:
Dattebayo!