onsdag 30. juni 2010

Fyrste båttur!


I går fekk me endeleg påhengsmotoren på båten. Då vart d fort mykje kjekkare å fare t sjøs med M/S Noreg. Dermed tenkte ej Sunny måtte få sin fyrste, og langt frå siste, tur med båt. Det var sjølvsagt kjempeskummelt, men etterkvart som tida gjekk vart d meir og meir spennande. Ho må nok berre belage sej på å verte vandt med det.

Dagens visdom:
Aye, Aye, Captain!

mandag 28. juni 2010

Volda og Fleda

I dag he ej og Ole Andreas vore til Volda å handla. Eller det vil seie, me va også i Ørsta og på Vartdal. Ole Andreas skulle ha sej mopeddela. No tenkje ej Apriliaen skal til verks igjen. verte litt kjekt å sjå den igjen. Her e eit bilete til dokke:
Egentlig skulle ej ikkje ha noko som helst, men endte med å kjøpe blomster til Ole Andreas, ein Beagle kopp, Sheltie kopp og ein Beagle figur, og sjølvsagt mat og drikke. I tillegg fekk ej en fin Cubus topp med Ole Andreas. So det brann nå opp noke penga dinne dagen også..

Når ej kom heim va her to glade hunda som va la med mamma. Ej tok med mej hundane på tur, og me enda inn på Fleda, den lokale "badestranda" , for dei som skulle lure på det. Der sprong ej og Anja tulling i vatnet, og Sunny stod for det meste og såg på. Ho var også ut å prøvde temperaturen, men var ikkje like modig som Anja. Den mest artige delen var sjølvsagt å bli tørka med handduk. Stas i lange vega!
Dagens visdom:
Better wet than sorry..

søndag 27. juni 2010

Helja denne gongen..

Maya og Sunny (Ha dej vekk)
Fullt hundeliv!

I går var det "jonsokfeiring" inne på Fleda/Løvikneset. Ej synes det e heilt tåpelig å ha jonsokfeiring en anna dag en sjølve jonsok, så ej va der ikkje så lenge. Va inn å smakte rjomegraut og hamburger.

So måtte ej sjølvsagt ut å sjå Elisabeth og Vidar som gifta seg i Dalsfjord Kyrkje. Dei var nydelige begge to, og ej må også skryte av Mari, som var forlovar i ein kjempe fin kjole. Gratulerer til Elisabeth og Vidar, i ynskje om eit varig ekteskap! :)

Så gjennom dagen feira me også mamma som fylde år. Tante Lise, Karin og Maya kom på besøk, so vart me litt fleire. Gode kake, og god pizza fekk me der, før me for ut å feire Inger Lise, som fyller år på mandag. Der laga ej og Runar eit kunstverk av bestikk og alt anna me måtte finne. Det vart ein kjekke kveld!

I dag he det vore mest fokus på hundane, og me he vore ute å tulla.

Dagens visdom:
Dogs are the true happiness!

torsdag 24. juni 2010

Jonsokfeiring og bilvask!

I går var det som kjent jonsokafta. Denne starta eg og hundane med å vaske bil. Sunny var heilt med, sidan ho elskar vatn, og bilshampoo skom var jo berre heilt fantastisk, iallfall når nokon prøvde å fortelle at det ikkje var så bra for ho. No er iallfall bilen min rein, men då kjem desverre alle ripene fram. Her er resultatet:Her er då Sunny sitt svar på kva me skulle bruke vatnet til. Denne videoen er filma etter ho har herja ei god stund med den vannslangen:

La også ut ein annan film på youtube her ein dag. Denne er av Anja og Sunny når dei leikar på plenen. Det som er litt dumt med denne er at der har komt nokon fukt flekkar på linsa, men de fattar poenget likevel. Nøyer meg med link:
http://www.youtube.com/watch?v=sObKZdzpQI0
Så var det ut på Hauane å feire jonsok med stort bål. Dette fordi bygda, av ein eller anna teit grunn, har vald å flytte sjølve bygdefeiringa til helja. Ka e vits med å feire jonsok 26. juni...?:S Uansett, her e bilde frå vår granne feiring:Dagens visdom:
Rid den dagen du salar
Så slepp hesten gå lei salen..

onsdag 23. juni 2010

Vel overstått feiring!

Happy Couple på veg heim frå ein god middag, og råning i Volda Ørsta. Åt verdens beste desert; varm eplekake med is, nydelig. Sjølv om ej "insisterte" på å betale maten, tok Ole Andreas sej av det, men ej betalte tips og ferje då. Så va det en "likt-økonomisk-fordelt" tur! :) Det høyres kanskje ikkje so kjempe romantisk ut, men det va faktisk ganske so koselig, lykka er kvarandre, ekje d d dei seie?Her e då bilete av den nydelege buketten som Ole Andreas kom heim att med. Der va også en god sjokolade opp i, og eit fint kort. Ingenting e so søtt som når Ole Andreas skrive kort! Tilbake frå mej fekk an sej et hefte, om ein kan kalle det det, der ej samla nokon bilder frå høgdepunkta i dei åra me he vore ilag hit til. Så håpa han likte den. I tillegg he ej bestilt han en overraskelse i posten. Den kan de få vete om når den kjem, for ej kan nesten ikkje avsløre ka d e for noke så han lese d. No e d tilbake til vanleg kvardag, og i dag må ej nok kjøpe maten min sjølv! :p

God Jonsok alle saman!

Dagens visdom:
The greatest thing
You'll ever learn

Is just to love
And be loved in return

mandag 21. juni 2010

Anja og Sunny





Sommarhegre, grastustar og siesta!

D fins mange liggestillingar her i verda!
D er klart at hegra må prøve ut trampolina også!
Ska tru kor god sprett her er?
Sidan grastustane var så mange, har eg ringa rundt dei slik at ein kan sjå dei. Dette er altså eit bilete av torvtaket på fjella som me la tidlegare i vår. Me fann heile to grastustar!

Dagens visdom:
Men alle andre skal vi ta med hemmat
Å leve lykkelig med sukker på!

lørdag 19. juni 2010

Hauststormen er komen!


Veret er, som gårsdagens innlegg tilseier, eit vått og kaldt tema for tida. I natt he det vore mykje vind, regn og alt anna som følger med. Det siste eg sa før eg la meg i går var at i morga ligg nok neste delen av heggen nede, og jammen hadde eg ikkje rett. Det er trist at eit så fint tre skal måtte bøte med livet til eit elendig sommarver!

Dagens visdom:
Vår Herre har nok gløymt sommaren i år..

fredag 18. juni 2010

Kvar for sola..?

I dag sluttar den lokale skulen, og dei yngste heng seg på sommarferiebølga. Det er no stadar som Dalsfjorden vaknar opp, og ei skikkelig ferietid er på vei. Det er berre eit lite problem med denne utviklinga, nemleg veret. Eg lærte ein gong av ein klok person at ein skal ikkje klage på veret, for ein kan ikkje gjera eit slag med det uansett. Du må innrømme slik som eg, at det er vanskelig å la vere å klage på veret, å prate om veret, og nemne veret i det heile tatt? Eg synes iallfall det, iallfall no, når det er sommarferie.

Typisk min flaks er at det regnar i eitt strekk fram til eg byrjar sommarjobben min. Det er fyrst då veret skin gjennom med sol og høg temperatur, folk kjem inn på butikken i shorts, og fortel kor kjekt dei har det i fineveret og at dei skal grille, og bade, og ha sommarferie. Då har eg mest lyst å sette meg ned å grine på jobb. Sånn føler vel alle det ein gong iblant. Nokon er jo trossalt på jobb når eg har ferie, og omvendt. Derfor bør det porsjonerast ut finever til alle, spesielt alle søndagar bør ha veldig fint ver.Desverre so kan ein verken legge inn ønske, eller kjøpe seg fint ver. Det må vere einaste viss du reiser dit sola er, og følg ho heile året. Men då igjen, kven vil ha sol heile tida? Nei, me er ikkje fornøgde om det hadde vore sol heile året heller, eg hadde iallfall vorte lei, dessutan hadde planter og dyr vorte utdødd. Hugs at også me er eit dyr som treng vatn. Jada, mennesket er faktisk eit dyr av arten Homosapiens. Tru det eller ei.

For å få ei balansert verd, slik at alle skal vere fornøgde, treng me dei fire sesongane/ årstidene. Me treng ein sommar med sol og varme, ein haust med regn og hausting, ein vinter med snø og ski på beina, og ikkje minst ein vår med grøde og farge! Det er ikkje det same utan alle desse. I år har Kong Vinter fått sin del, det kan ein iallfall trygt seie, våren kom også, men no ventar me på ein sommar som varer meir enn fem dagar. Skal tru om han kjem på ekte i år? Eg trur eg med handa på hjarte kan seie her ikkje har vore meir enn 19 grader i år, i skuggen altså. Og det var i en dag, og temperaturen sank så fort sola for.

Tenk på at sola snart snur, då fer ho frå oss igjen, og varmen ho gjev vert svakare. Det er trist om ho skal reise på ferie før me har fått smakt ei ekte nær sol, ho har jo trossalt ikkje varma opp sjøen enda. For sjøen er ein viktig del av min sommarferie. Det skal ikkje vere sydenvarmti sjøen, nei, det skal vere rundt maks 25 grader, for du skal kjenne at det er litt kjølig. For litt av poenge med å bade er jo nettopp å kjøle seg ned. Likevel vil ein helst ikkje verte blåfrosne når ein hoppar ut i, så ein plass over 15 grader er også bra.

Så var det vinden då. Kvar gong sola er framme må denne forferdelege vinden kome å stryke deg med kalde byks over skuldrane så du mest har lyst å ha på termodressen når du skal ut. Slik skal det ikkje vere denne årstida. Termodressen skal ligge longt nedepakka, det er jo juni for pokker. Det er rett som ein skulle tru at vinden trur Kong Vinter herjar enda. Hallo du vind, det er sommar no! Om han berre forstod det eg sa. Men Bris, du er hjarteleg velkomen. Ein varm bris som stryk deg på kinnet, den er alltid velkomen.
Dagens visdom:
Kom sommar, kom varme
Her skal du husrom finne!

tirsdag 15. juni 2010

Sunny og Dalsfjord Skule


I dag har Sunny vore på oppdagelseferd i hagen, i tillegg til at ho har vore med på dugnad på Dalsfjord Skule. No for siste rest ut. Ej vona d vert ein fin ny skule, men trist at den "gode, gamle" fer. Mange minner på godt og vondt derifrå!

lørdag 12. juni 2010

Nattens hending!


I natt datt enda ein del av heggen ned. Dette er ikkje fyrste gongen heggen hiv frå seg delar. For mange år sidan for delen på den andre sida der eg hadde reia mi! Trist at heggen skal gjere slik, for den er så utrulig fin å sjå på i desse somarmånadar..

Aldri mer Sofie

Det var i slutten av oktober og ute plasket regnet ned. Det hadde regnet i mange dager nå. Livet var kjempekjipt. Det hadde regnet forrige mandag på ridingen, og selv om det var ridehus på rideskolen var det kaldt, guffent og vått å ri. Det hadde regnet på tirsdag da Tonje hadde bursdag, så det var ikke noe hyggelig å pynte seg for å gå på fest. Det hadde regnet på onsdag da det var tennis, og ingen hjemme kunne kjøre til tennistreningen. For en våt og ekkel sykkeltur.

Det regnet på torsdag da vi skulle til byen og kjøpe bukser. Det regnet i går da gjengen skulle på kino. Kliss klass, kliss klass. Nå var det lørdag og jeg var lei av ren, og livet var kjipt. Jeg kjedet meg og hadde ingenting å gjøre. Jeg tok fram et gammelt Julia-blad, som hadde ligget under sengen. Jeg bladde i det og kom fram til siden med brevvenner. Jeg så nedover siden. Der stod det masse forskjellige navn. Jeg kom fram til siden med brevvenner. Jeg så nedover siden. Der stod det masse forskjellige navn. Jeg kom fram til at jeg ville skrive med en som het Sofie, og som var like gammel som meg.

Jeg satte meg ned og skrev et langt brev til henne. Noen dager senere når jeg gikk ut for å hente posten, lå det et brev der. Det var til meg. Jeg gikk inn og åpnet brevet. Det var fra Sofie. Hun synes vis ikke at livet var så kjipt. Sofie skrev at mesteparten a tiden sin brukte hun til å spille fotball med vennene sine. Med en gang synes jeg Sofie var litt merkelig som spilte fotball! Det er jo bare noen gutter som gjør det. Sofie skrev også at hun hadde en mamma, en pappa og en liten søster, som het Maja.

Jeg og Sofie skrev lange brev til hverandre hver uke, og vi ble bedre og bedre kjent. Hver dag skrev jeg hva jeg hadde gjort. Etterhvert skjønte jeg at jeg og Sofie levde to ganske forskjellige liv, men det var tydelig at Sofie elsket å spille fotball. I noen av brevene vi sendte til hverandre, sendte vi md bilder, sanger, dikt, klistermerker og så videre. Sofie hadde skrevet at familien hennes ikke var så rike, men at de hadde det veldig koselig likevel.

Til jul sendte jeg Sofie en bok om hester. Tilbake fikk jeg en tegning som hun hadde laget, men tegningen var fin likevel. Sofie ble veldig glad for boken. Etter jul fikk jeg et brev fra Sofie. Der stod det at hun også gjerne kunne prøvd å ri en gang. Jeg inviterte henne med på ridingen min og gledet meg vilt til hun skulle komme. Jeg fortsatte å skrive brev til henne, men hun svarte ikke. Jeg skrev brev til henne i flere måneder uten å få svar. Jeg ble etterhvert veldig lei meg og sluttet, jeg også.

Etter noen måneder fikk jeg brev fra Sofie igjen. Hun skrev at hun er lei for at hun ikke har skrevet til meg, men det er fordi hun har fått en alvorlig sykdom. Jeg skriver brev tilbake til henne og spør om hun vil fortelle meg hva slags sykdom hun har. Igjen tar det lang tid før jeg får noe svar fra Sofie. Hun skriver at hun har fått kreft, men at hun håper at hun blir bra igjen. Hun har nå begynt med cellegiftbehandling. Hun skriver også at hun ikke kan fortsette å skrive så mye brev som hun pleier å gjøre.

Jeg og Sofie fortsatte å skrive sammen hele våren, men ikke så ofte som før. Sofie fortalte meg om cellegiftbehandlingen. Annen hver uke måtte Sofie inn på sykehuset. Da måtte hun ligge med en sprøyte i armen, mens cellegiften langsomt gikk inn i blodet hennes. Jeg synes kjempesynd på den gode venninen som jeg var blitt så veldig glad i, men aldri truffet. I et av brevene skrev hun at hun hadde mistet alt håret på grunn av behandlingen. Den natten fikk jeg ikke sove. Jeg lå å tenkte på hvordan det var å være Sofie. Måtte væehos legen annen hver uke, måtte gå på skolen hver dag uten hår. Og at hun selv visste at hun kunne dø. Neste morgen fikk jeg brev fra Sofie igjen. Hun skrev at det ikke gikk noe særlig bedre med sykdommen hennes, og at legene ikke visste om hun kom til å bli frisk. Jeg synes skikkelig synd på venninen min.

Nå stod sommerferien for døren og jeg skrev og fortalte Sofie at vi skulle reise på hytta, for å være der hele sommerferien. Jeg spurte Sofie hva hun skulle, og om hun kanskje hadde lyst å komme og besøke meg. To dager før ferien fikk jeg et brev fra Sofie. Hun skrev at hun følte seg litt bedre og at hun gledet seg til sommerferien, og at hun kanskje kunne komme og besøke meg. Da jeg kom til hytta, traff jeg alle sommervennene mine. Vi badet, lekte og koste oss. Noen dager gikk vi på bærturer. Vi fant mest bringebør og markjordbær. Jeg tenkte av og til på Sofie. Men det var først når den lange, deilige sommerferien var over at det gikk opp for meg at jeg ikke hadde hørt et ord fra SOfie hele sommeren. Jeg skyndte meg å skrive et langt brev om sommereferien og postet det samme dag.

Dagene gikk og jeg hørte ingenting. Jeg skrev et nytt brev, men ikke noe svar fra Sofie. Og hvr dag våknet jeg med en vond følelse i magen. Hva hadde skjedd? Lørdag var det post til meg, men det var ikke fra Sofie. Det var ikke hennes håndskrift. Brevet var ra moren til Sofie. Sofie var død. Jeg var lei meg veldig lenge, men Sofie hadde lært meg noe veldig viktig. Jeg husket tilbake til den dagen jeg hadde funnet annonsen hennes i Julia-bladet mitt. Da det regnet, og jeg synes alt var dumt. Hun lærte meg å skjønne at jeg ikke skal klage på alt. Jeg skal være fornøyd med det livet jeg har. For jeg er veldig heldig som lever!
Rydda i gamle ark i dag, og då fann ej ei utskrift av denne historia frå pennyklubben.com (som det den gong var, no er det .no). Historia var skrive ut 22.10.2002, men ej finne den ikkje på nette no, og ej kan ikkje huske ken so hadde skrive den. Synes den var skikkelig rørande den gongen, den er jo ikkje det verste no heller! :)

Dobbel kino!

Prince of Persia
Ein film frå noken ta same folka som Pirates of the Caribbean. Ein eventyrleg film som handlar om prinsane frå Persia som invanderer den heilage byen Tallut (eller noko sånt). I Tallut fins der ein magisk dolk, denne har prinsessa vist stor interesse for. Etter at kongen døyr får Hastan skulda, og sidan det er han som har dolken der og då når han rømer, fylgjer prinsessa etter. Ein fin og varm ørkenfilm med mykje action, litt humor og ein dose kjærleik.
Robin Hood
Ej skal ærlig inrømme ej trudde dinne filmen va ein typisk Robin Hood film der gjengen bur i Sherwood skogen, og prøva å lure sheriffen av Nottingham trill rundt. Det var det ikkje. Som ej ikkje he fått med mej e ditte the beginning av Robin Hood. Derfor handla d om ein bueskyttar som e med Kong Richard i krig mot Frankrike, og når kongen døyr røme Robin Longstride (som altså då e Robin Hood) saman med sin trofaste venner tilbake til england utgitt for å vere nokon ridderar. Dei overleverer også krona, og Robin har lovd å levere tilbake eit sverd til ein mann i Nottingham. Vidare vert dei blanda inn i skatteoppgjer, krigar og kvinnfolk. Me møter også sjølvsagt Broder Tuck. Mykje krig, smak av kjærleik og ei t-skei humor.

Fyrste fjelltur og sosialisering i Volda

I dei siste dagane he me dreve litt hunderelaterte saker. D he vore fint ver, og ei fryd og vere ute! På onsdag va ej og Trude på tur til Volda saman med Sunny. Der fekk me treffe trafikk, folk, hunda, syklista, mopedista osv. Det var rett nok litt skummelt til å byrja med, men ette en times tid gjekk med rundt med ei tøffe i band. Kjekt å sjå at ho gjer framsteg på kort tid! :)

Torsdag vart ein litt meir fysisk dag, men samstundes oppleving av mykje nytt. Me var eigentleg bestemt berre på ein liten skogstur for å sjå oss rundt, men så fann me råsa til Lisjebøvegen. Då gjekk me opp igjønå, Anja fyrst og Sunny i sekken. Sunny fekk også prøve å gå litt mindre strekninga i vegen, og var flink å seie ifrå når ho var trøtt og ville opp i sekken igjen! Det vart altså Sunny sin fyrste tur til Fossastøylen. Me vonar det vert fleire.
Då me kom ned att sprang Anja på sjø, og Sunny vassa i kanten. Var litt for skummelt å legge på svøm ut igjønå. So satt me oss på altanen å slappa av, (Anja sola sej, ho he so lyst å bli brun). Fredagen vart berre ein slappe av inne dag, sidan veret tala sterkt imot oss. Bra å slappe av av og til også.

Dagens visdom:
Møte med det nye er ikkje forgjeves

mandag 7. juni 2010

Oppdatert oversikt over dyra!

Hundar:
Anja 27.04.2008
Rase: Flatcoated Retriver og Samojed / Beagle
Farge: "Tricolor"
Sunny 24.03.2010
Rase: Shetland Sheepdog
Farge: Tricolor

Kattar:
Gråpus 13.08.1996
Rase: Russian Blue / Norsk Skogskatt
Farge: Grå med kvit flekk på halsen
Evita 08.05.1998
Rase: Skogskatt
Farge: Tricolor med mykje kvit teikning
Amigo 07.07.2004
Rase: Huskatt
Farge: Brun stripete
Midna 14.05.2007
Rase: Huskatt
Farge: Oransje med kvit teikning på hals
Iris 11.07.2008
Rase: Huskatt
Farge: Kvit

Kaniner:
Bonnie 15.05.2003
Rase: Dvergwedder
Farge: Vilt isabella
Moony 01.04.2003
Rase: Dvergwedder
Farge: Grå siameser
Mulan 01.06.2003
Rase: Hermelin
Farge: Svart med wienerteikningar
Sissi 19.07.2003
Rase: Belgisk Hare
Farge: Viltrød
Helene 09.04.2004
Rase: Dvergwedder / Hermelin
Farge: Svart
Bitte Lita 27.03.2006
Rase: Dvergwedder
Farge: Madagaskar
Miini 03.05.2006
Rase: Løvehode / Dvergwedder
Farge: Svart broket
Oskar 04.06.2007
Rase: Løvehode / Hermelin
Farge: Svart / gul japanerteikna

Marsvin:
Vilde 28.02.2009
Rase: Glatthåret
Farge: Magpie liknande
Sandra 28.02.2009
Rase: Peruaner
Farge: Kremfarget med lysbrun teikning
Eli 08.07.2009
Rase: Peruaner
Farge: Kremfarget med lysbrun teikning

Ørkenrotte:
Cognac 10.11.2006
Rase: Mongolsk Ørkenrotte
Farge: Agouti

Hamster:
Gloria 10.11.2008
Rase: Syrisk Hamster
Farge: Panda

Akvariet:Glødeband tetra, Raudnase tetra, Kardinal tetra, Siamesisk algeter, Slørhale, Pleco og Schwarzi

søndag 6. juni 2010

Korpsstemne på Åndalsnes!

Fredag reiste Dalsfjord Musikkorps og Lauvstad Skulekorps på stemne på Åndalsnes. Sidan Ole Andreas ikkje var ferdig på jobb då bussen reiste, kaure me hass sin bil. På kvelden når me kom fram gjekk det mest i å verte kjent på staden, sjekke inn på hotellet vårt, og sjekke ut aktivitetane dei hadde der. Det vil då seie instrumentkasting, diskotek og filmen ORPS.

Laurdag starta me med ein god hotellfrokost, iallfall eg og Ole Andreas. Etter det vart det oppstilling på respektive steder, som der stod i programmet. Så marsjerte me oss ned saman med tre andre korps i vår pulje, til rådhuset midt i Åndalsnes sentrum. Der vart det spelt nokon fellesnummer, så fekk me litt fritid saman med nokon ekle baguettar. Etter ei kort fritidsperiode hadde me ein utekonsert på kaia til glede for engelske turistar!

Så var det oppatt til kulturhuset å spele konsert saman med nokon andre korps. Eit og eit i gongen altså. Den vart jo vellukka, men eg var passe svolta når den var ferdig. Heldigvis var neste på programmet buffet, som dei so svært kalla det. Det var altså taco. (Eg synes ikkje kjøttdeiga var så god.. Fy kor kresen du er Anita). Så var det diskotek, konsert av Amanda og Eirin, litt byvandring og så i seng.

Dagen i dag var frokost, musikksti (forskjellige oppgaver som korpset gjor saman), pizza grandiosa, oppmarsj og avslutning med fellesnummer. Så var stemnet ferdig, og me tok vegen heim via Trollstigen, som forresten er ein meget fasinerande veg! Eg vil seie at stemnet var vellykka, og eg trur me spelte fint, men jammen var det godt å kome heim også. Her var det nemleg to herlige hundar som ville ete meg opp! :D
Dagens visdom:
"Ah, music," he said, wiping his eyes. "A magic far beyond all we do here!
(Albus Dumbledore)

torsdag 3. juni 2010

Vinnar av VIP til Green Day!

Dette manipulerte biletet resulterte i 2 VIP billettar til Linda, sjølvsagt til Green Day i morga. Ha ein fin konsert! :) (og gjett kven som har laga det ^^)

Til dyrlegen!

I dag he ej vore til dyrlegen med Sunny. Ho he dreve å nåse noke forferdelig sida mandag, og i dag for me bort å sjekka det. Siw, altså dyrlegen, meinte det kunne vere starten på ein luftvegsinfeksjon, eller kanskje kennelhoste sidan det går no for tida. Ho var ikkje heilt vekk frå ideen om at noko sitt fast der også. Så fann me ut, medan me sjekka ne, at ho også hadde tett tårekanal på venstre side. So no ska ho gå på augesalve nokon daga, so tenkje me det kanskje gjer seg! :)

Ellers so fann ej ut at Sandra kom seg vel heim att, det var kjekt å høyre!:D Derfor kan til dømes samtalen fortsette slik:

Dagens visdom:
Den som teier,
Seier ikkje mykje

tirsdag 1. juni 2010

Ferie 2010!

I dag hadde ej dirigeringseksamen. Det gjekk mykje betre enn ej nokon gong kunne drøymt om. Så eg var fornøgd! Eg dirigerte songen Audite Silete og Vem kan segla. So no e ej ferdig med år nummer to på Høgskulen i Volda, i bachlor musikk. Ett år igjen, so e ditte studie over. Ej må berre seie det e herlig å gå et studium der en aldri åpnar bøkene, men likevel kan få gode karakterar!

No er me i juni, og tida har gått fort dinne våren. Ej tenke me snart e i august, men heldigvis en god ferie før det. Planar som eg har klare no framover er mellom anna korpsstemne på Åndalsnes no til helja (4.-6. juni). Ellers så byrja eg på jobb i veke 29, og skal i barnedåp til Petter den 25. juli. Det var egentlig alle dei store planane mine. Kjenne ej mej sjølv rett vert det nok meir! :)

Sommarferie MUST liste:
Bade i sjøen
Slå opp bassenget
Gå på fjellet
Bu på fjellet
Jordbær/morell
Bade i fjellvatn/elvar
Blåse opp badedyr/gummibåt
Snorkle
Oslo
Ha opp hengekøya
Lese minst ei Harry Potter bok
Gå på rulleskøyter
Ete is
Leike med hundane på marka
Klippe plen med hørselsvern med radio
Klatre i tre
Gå i sommarkle
Fiske
Plukke løvetann
Ha ut marsvina
Sykkeltur
Tube/Fakeboard
Sol
Badmington/Volleyball
Super Mario Wii
Potetgull
Slapp off i solaDagens visdom:
For the whole world you might be just someone,
but for someone you are the whole world