tirsdag 27. april 2010

Anja 2 år!


I dag he Anja gebursdag. Ej va på dyrebutikken i dag tidleg og kjøpte eit bein med kjøt på, og ho var overlykkeleg. Sjølvsagt har me også vore ein lang tur, mykje ute, og og huska å slappe av. No er ho vaksa, iallfall fysisk. Mentalt vil ho nok alltid vere kvalp. Om knappe 3 veker kjem nok den verkelege gåva hennar i hus!

Gratulerer so mykje med dagen Anja jenta mi!:D


mandag 26. april 2010

Tilbake til barneskulen!


Då ej gjekk på barneskulen lærte me songen Knut prøver fiskelykken. Den var med bevegelsar og det heile. Og då eg tilfeldigvis fann igjen teksta på den her i dag, så vekte det opp att mange gode minner. Derfor legger eg ut teksta her, så er jammen minna komt på internett også:

Ute på bryggekanten, stille satt vesle Knut
agnet forsiktig kroken, før han slapp snøret ut

Lenge han satt og venta, fisken var lat og sein
Snart var det middagstider, himmelen lovet regn

Sjøen var full av kolje, flyndre og feit makrell
Tenk at dei var så lumpne, kom ikke av seg selv

Endelig var det noe, skrekkelig tungt å dra:
Det var en gammel støvel, sålen var revet av!

søndag 25. april 2010

Då var konserten overstått!


Då har me brukt ei heil helg på Kjærleik i fokus, og "endeleg" er det over. Resultatet må eg inrømme eg synes vart bra. Publikum sa iallfall det, og dei var også overraska over måten me hadde laga til scene, og pynting. Me har også mykje å takke lydmannen for, han laga ein vidunderlig lyd på det heile. Så eg får seie meg fornøgd, det var kjekt å få framføre det me har snakka om sidan februar, og ein får håpe me ikkje gjev opp kvar andre som band i seinare høve.

Takk til alle som hjalp til, spelte for oss, styrte lyd, lånte ut utstyr, lånte ut bygg, stolar, bord, og nøklar. Ikkje minst takk til dei som kom og var publikum!

Dagens visdom:
Med kjærleik i fokus

lørdag 24. april 2010

Minner om konsert!


I morga står konserten Med kjærleik i fokus for tur. Den byrjar 17:00 på Dalsfjord Skule. Me skal synge mange kjente kjærleikssongar, ikkje berre trege supper, men også nokon som er ganske så up beat. Det vert ein god kjærleikslapskaus. Det er musikk for alle aldra, så ta med heile familia og kom!

Deltakande band og songarar: Sandra, Gloria, Cornelius, Ole Andreas, Iselin, Hanna og eg.

Vel møtt! :)

torsdag 22. april 2010

Kunngjeringar!

No er me snart komne til mai, berre ei veke igjen omtrent. Mai vert nok ein travel månad, det brukar an alltid å verte. Det fyrste som skjer er Med kjærleik i fokus konsert komande søndag, altså 25. april, på Dalsfjord Skule klokka 17:00. Den er open for alle, til og med gratis. Tysdagen etter, 27. april, fyller godjenta mi 2 år, det vil då seie Anja. Me ser fram til å feire dagen hennar!

Så hoppar me til mai der det er Kammermusikkfestival 6. - 8. mai, Stine har gebursdag 11. mai, eg har gebursdag 15. mai, so kjem 17. mai, og so kjem den tida som eg har venta på ei god stund no, nemleg slutten av mai! Kva skjer då? Jau, det skal eg forelje deg, då kjem denne i hus:Nei, det er ikkje eit marsvin (Ole Andreas foreslo det nemleg). Dette er ein hund, nærare bestemt ein kvalp av rasa Shetland Sheepdog. Den skal hentast i slutten av mai på Mellsjøhøgda, som ligg ikkje så langt frå Lillehammer! Eg og Anja storgled oss! Meir informasjon om kvalpen får de nok høyre meir enn nok av framover..

mandag 19. april 2010

Ein kristen vri!

It will be worth it all when we see Jesus
Ev'ry mountain, ev'ry storm, ev'ry tear we cry
It will be worth it all, when we see Jesus
Just to hear him say "well done", will be worth any price

søndag 18. april 2010

Ein akustisk opplevelse

Kurt Nilsen kom fram i lyset gjennom å vinne Idol 2003. Singelen She's so high vart den mest selgande singelen i Noreg gjennom tidene. Nokon kunne kanskje ha kjent til han før frå bandet Fenrik Lane. Vidare har Kurt vunnet World Idol, gitt ut fleire cd'ar og spelt saman med De nye gitarkameratane.

Det var alle aldra som møtte opp på Parken Kulturhus i Ålesund i går kveld. Med seg som opningsartist hadde Kurt tatt med seg Elin Gaustad, kjent frå X-factor. Elin vann aldri X-factor, men fekk platekontrakt gjennom Jan-Fredrik Karlsen på Senkveld. Ei velfortjent platekontrakt, og det var bra det vart slik, viss ikkje kunne ho ikkje ha dratt på turne med Kurt.

Det var Elin som opna heile showet med ein eigenlaga låt som var ny for oss alle. Med den nydelige og vakre stemma laga ho ei god og roleg stemning i salen. Ho covra også Love me Tender, og avslutta med sjølvsagt med den me kjenner ho best for; Confessional Song.

Så var det Kurt sin tur å entre scena. Han song mange gode, gamle slagera av seg sjølv. For å nemne nokon var Never Easy, Country Music, Push Push og She's so High sjølvsagt med, dog han hadde gjort litt rytmiske vriar som berre gjekk til det positive i mitt favør. Med artige historier, fletta han songane saman, og fekk introduksjonen av bandet inn i historiene. Han covra også hit låta frå Smokey and the Bandit, East Bound and Down.

Ein ting eg virkelig likte var samholdet på scena. Alle musikarar var inkludert, og satt tydelig pris på av Kurt. Det var tydelig at Kurt stod som ledar, men han lot musikarane vise seg. Dyktige gitaristar og ein slåande god trommis i tillegg til pianist, bassist og fiolinist.

Mot midten av konserten fekk me høyre nydeleg duettsong mellom Elin og Kurt. Dei covra låta The Water is Wide. Ein draum å høyre på. Kurt passa også på at han holdt livet oppe i salen, trass mange rolege låtar. Publikum deltok med både klapping og knipsing. Ein vellukka kveld i mine auge, og verdt kvar ei krone!

Etter konserten var me og heldig nok til at Kurt var i bilen bak oss. Ole Andreas vart heilt i hundre og gjekk bak og banka på ruta og ba om autografen hans. Dette levde sjølvsagt Ole Andreas på resten av kvelden, og kjem til å leve på det ei god stund til. Ein Fjord 1 billett med Kurt Nilsen sin autograf kan skape mykje glede. Kurt forfylde oss heilt til Folkestad, men der skilde me vegar.

fredag 16. april 2010

Desse hundane..


Mamma synes det er så sinnsjukt fasinerande dette som Anja er byrja med. Derfor kan eg fortelje det her. Om dagane sitt eg på litt på laptop, og då har hunden no forstått at det er ikkje vits å mase når eg gjer det, for då vert det ikkje noke action på henne likavel. Så ho legg seg som regel å søv ved sidan av. Når eg då legg ihop dataen, uansett kvar hunden måtte vere på dette tidspunktet, kjem der alltid ein hund hoppande innover golvet og stiller seg opp med døra, klar til tur. Så kvar gong eg legg frå meg dataen skjer det same, ho er hundre prosent klar! Snakk om å analysere situasjonar!

Dagens visdom:

Fire føtter og ein snute så stor

Ein hale som vaggar til far og til mor

Alltid lykkelig og glad i deg

Lyttar til alle, tenker ikkje på seg

Ein venn som aldri vert sur eller lei

ein sprudlande kropp som kjem i ein fei!


torsdag 15. april 2010

Det går i anime!

Dagens Naruto episode var heilt opp til forventningane. Den var spennande, og eg gled meg mykje til neste episode. Eg har vald at eg ikkje skriv for mykje om episodene på bloggen min, slik at eg ikkje spoilar nokon. Eg slenger derimot på eit bilete!I tillegg til Naruto kan eg nemne at eg, Gloria og Sandra gav ein smakebit frå konserten me skal ha neste søndag på huskonserten i dag. Synn akkurat du gjekk glipp av det, men kom på Dalsfjord Skule 25. april klokka 17:00 så kan du ta igjen det tapte! Vel møtt til ein aften i kjæleikens ande.

Dagens visdom:
Den som ei prøvar
vil ei lukkast

onsdag 14. april 2010

Lisjelaurdag

Då va me komne halvegs i veke 15, 2010. Eigentleg har eg ingenting eg vil skrive om i dag, men eg vil svært gjerne dele dagens visdom som vart sagt på farmen.Dagens visdom:
Stillast vatn
Djupast grunn

mandag 12. april 2010

Dykk i arkivet!


Bileta er frå fossastøylen somaren 2008. Det va kjempe fint ver den sommaren, og me va masse folk der oppe. No kjenne ej at ej e heilt klar for sommar, og håpe det verte fint ver, og mykje bading.

Dagens visdom:
Sommer kommer,
sommer kommer

sol og regn og latter og sang
sol og regn og latter,
ha ha ha latter

sol og sang!

Fix you

Me skulle vel alle ynskje at nokon kunne kome å fikse oss ein gong iblant. Eg skulle iallfall ønske det. Coldplay he satt det på notar, og trøstar med at I will try to fix you. Hadde vore noko å haurt nokon seie det til deg!



fredag 9. april 2010

Lær å fly kurs, so helg!


I dag var me på eit kurs som heitte Lær å fly. Det vart leda av Stig Hjerkinn Haug. Det var eit ganske interessant og morosamt kurs, til tider også ganske lærerikt. Somme ting synes eg kanskje var litt på kanten, men vil likevel seie eg gjekk klokare ut. Han tok med gode ordtak som:

Hvis det ikke blir gjort fjollete ting inn i mellom,
vil det aldri bli laget noe intelligent
- Ludwig Wittgenstein

Definisjonen på kreativitet er å ha
to motstridene tanker i hodet på en gang
- John Kao

Du skal angre til du dør
for det du ikke gjør
-usikker

Vidare vil ej også anbefale ein artig serie som byrja i dag; Alt for Norge.
Dette handlar om nokon norskamerikanske, mest amerikanske etter mi meining, folk, som vil til Norge å finne slekta si. Dei er då med på ein konkurranse om å få møte denne slekta der dei lærer om det norske språket, kulturen og ikkje minst maten. Reknar med det vert nokon spennande program!


Dagens visdom:
Den som ikkje lagar
får ikkje fylt sine magar

lørdag 3. april 2010

Våren e her!


No håpe ej at våren e her på ekte og at der ikkje kjem fleire uønska snøbyge. I dag he sola varma, ej he gått uten ytterjakke heile dagen, fått start på scooteren, Ole Andreas he vaska bil, saudene e byrja lambinga, tjelden er komen, hunden e i våryr og alt er berre so deilig med ein gong ein går ut for døra. Ein kjenne vårlukta rett og slett. Eg må seie eg gled meg skikkelig til sommar!

Alt eg greier å tenke på er viser og 17. mai musikk. Blomane kikar opp og grase byrjar spire.

Dagens visdom:
Og vesle lerka ho hev det so
at finn ho ein tuvetopp fri frå sno
Då hev ho i med sin gladaste song
så trur ho på vår med ein einaste gong

torsdag 1. april 2010

Lykkeleg Runar og babyar!

I går kveld vart eg endeleg kvitt det innepakka "liket" som låg på stovegolvet. Runar fekk nemleg endeleg overlevert gava si! Og gjett om han vart glad for den! Lat meg presantere Trailer Laila:

Full av gummi
ingen mummi
Ei dame med trøkk
men du får deg ein støkk
Ho pratar ei
vert aldri lei
Dama i dine draumar

plastikk og tjukke saumar!

Og sidan me er inne på kvinnfolk og mannfolkprat, lat meg fortelje dykk om eit artig fenomen.
I går var eg inne på makemebabies.com. For ei hysterisk festelig side. Slik ville då babyen til mej og Ole Andreas sjå ut:
Og det verste er at bayen som ej laga mellom mej og Sandra vart mykje søtare(d v seie d e Ole Andreas så trekke ned sjønnheitsfaktoren på vår unge):
Ej laga btw en baby med noken kjendisa også, men dei vart berre stygge.

Dagens visdom:
Eit barn vert ikkje finare en gena du gjev det!
Om barnet vert som makemebabies.com,
er det like greit ej ikkje fe unga!